Kva er Havlandet?

Kva er Havlandet?

Havlandet er eit treårig RDA-prosjekt som no er avslutta. Det har vore ein interesseorganisasjon for næringslivet for å skape vekst og utvikling. 

Arbeidet som er gjort gjennom prosjektet er overtatt og held fram gjennom Stiftelsen Herøy Næringsforum.

Herøy Næringsforum skal

  • synleggjere næringslivet i kommunen, både lokalt og nasjonalt, gjennom møtepunkt, nettverksbygging og arbeid i tradisjonelle og sosiale medium
  • delta på relevante messer, konferansar, seminar
  • synleggjere behov for arbeidskraft
  • vere bindeledd mellom næringsliv, kommune, verkemiddelapparatet med meir
  • arrangere møteplassar, både fysiske og digitale, for næringsdrivande
  • arrangere relevante kurs og seminar for næringsdrivande
  • arrangere og utvikle vidare Fosnavågkonferansen og Reiselivstreff
  • aktivt leite etter, og ha kunnskap om, samarbeidsprosjekt og støtteordningar, og formidle vidare til næringsdrivande og gründerar
  • delta i arbeidet med å bevare og auke utdanningstilbodet ved Herøy vidaregåande skule, eventuelt også utdanningstilbodet elles i regionen, også på høgskulenivå

På nettstaden opplevhavlandet.no finn du informasjon for deg som er på besøk eller er turist i Herøy. Planlegg du eit besøk til vakre Herøy, er dette nemleg portalen for å finne ulike aktivitetar, overnatting og å få oversikt over kva Herøy har å by på av mat og drikke. 

På nettstaden til Herøy næringsforum finn du informasjon for næringslivet og næringsinteresserte.

 

Kontaktinformasjon til Herøy Næringsforum

Dagleg leiar: Sissel Ødegård

E-post: sissel@heroynf.no

Telefon: 41469685