Frivillige er med å yte teneste som mellom anna middagsombering, hørselhjelp, natteravn, BUA, strikkekafé, babytreff, mandagstreff (møteplass for pensjonistar), datakurs, den årlege TV-aksjonen, med meir.
I dei fine lokala vi nyttar på Herøy kulturhus, kan lag og organisasjonar låne lokala gratis til møter og aktivitetar.
BUA Herøy er organisert under frivilligsentralen. BUA er ein utlånssentral der du kan låne sport- og fritidsutstyr heilt gratis. Drifta er finansiert av kommunen. Utstyret kjøper vi inn frå ulike tilskotsordningar av stiftingar, bankar og private lokale bedrifter. BUA finn du i fyrste etasje på Herøy kulturhus, mot stadion.
Frivilligsentralen i Herøy er driven med statstilskot frå kulturdepartementet. Frivilligsentralen har eit brukarråd med representantar frå lag og organisasjonar.
Frivilligsentralen sine heimesider.
Frivilligsentralen kan du følge på Facebook.
BUA Herøy sine heimesider