Tysdagsklubben (PU)

Tysdagsklubben (PU)

Dette er ein klubb for psykisk utviklingshemma som vert arrangert på fritidsklubben sine lokale på Herøy kulturhus.  

Kva kan du forvente?

Vi samlast til hyggeleg samvær, god mat, kaffi og kaker og sjølvsagt dansar vi. I juni har vi sesongavsluttning  i «Kvalsvikteltet», Herøy gard eller ein annan stad det høver å grille. Vi dansar gjerne til «levande musikk». Når vi får det til, arrangerer vi førjulsball med julemat, dessert, gang rundt juletreet og sjølvsagt dans.

Kva kostar det?

Vanleg tysdagsklubb har inngangsbillett: 30 kroner. I tillegg er det kiosksal.

Sesongavslutning er gratis. På førjulsballet er det betaling for maten.

Når er det fritidsklubb?

Klubben er open annankvar tysdag i tida 18.00-21.00. Vi held til i fritidsklubben sine lokale ved Herøy kulturhus. Inngangen er på nedsida mot fotballbana.

Datoar forhausten 2024:

  • 27. august
  • 10. september
  • 24. september
  • 8. oktober
  • 22. oktober
  • 5. november
  • 19. november
  • 3. desember vert det julebord/ball. Det vert sendt ut eige skriv om sesongavslutning.

Kontakt

Mona-Grethe Ryssevik
seksjonsleiar
E-post
Mobil 46 82 03 15