Ordninga er eit ledd i ei kjede av tiltak for å førebygge isolasjon og gi auka livskvalitet til enkeltpersonar med nedsett funksjonsevne.
Kven kan få følgjekort?
Nedre aldersgrense for å få følgjekort er normalt 8 år. For å få tenesta må du ha ei funksjonshemming som varer i to til tre år. Har du spørsmål om ordninga kontakt servicetorget.
Kva kan du forvente?
Har du følgjekort vil personen du har med få fri tilgang til offentlege kultur- og fritidsarrangement, og offentlege transportmiddel som du ikkje kan delta på utan følgje. Enkelte private aktørar for ulike arrangement aksepterer også ordninga. Kommunen handsamar din søknad etter gjeldande retningsliner. (PDF, 3 MB)
Kva kostar det?
Kortet er gratis.
Korleis får du tenesta/korleis søkjer du?
For å få tenesta må du levere søknad der du legg ved passfoto og uttale frå lege eller anna helsepersonell som fortel om du treng følgje. Har du ikkje passfoto å legge ved kan du etter avtale sende bilete på e-post, eller møte opp i Servicetorget slik at vi kan ta bilete av deg.
Når kan du vente svar?
Etter at kommunen har motteke nødvendig dokumentasjon, vert saka handsama fortløpande.