Velferdsteknologi

Velferdsteknologi

Velferdsteknologi er ei fellesnemning på tekniske installasjonar og løysingar som kan betre evna di til å klare deg sjølv i eigen bustad, og bidra til å sikre livskvalitet og verdigheit for brukaren. Velferdsteknologi kan gi betre teneste for deg som er heimebuande eldre, pasient i sjukeheim, innan rus og psykisk helse  eller har nedsett funksjonsevne.

Velferdsteknologi kan delast i fire kategoriar:

  1. Tryggleik- og sikkerheitsteknologi
  2. Kompensasjons- og velværeteknologi
  3. Teknologi for sosial kontakt
  4. Teknologi for behandling og pleie

Lenke til meir informasjon om velferdsteknologi frå Direktoratet for E-helse.

Føremålet

Målet med velferdsteknologi er å skape ein tryggare og enklare kvardag både for deg, dine pårørande og omsorgspersonell. Tenesta skal gjere det mogleg for at du kan bu heime lenger, den skal styrke meistring i kvardagen og bidra til at du kan leve eit aktivt og sjølvstendig liv. Velferdsteknologi kan gi betre behandling og oppfølging av personar med kroniske sjukdomar, samt ei betre utnytting, auke i kapasitet og kvalitet i helse- og omsorgstenestene.

Kva kan vi tilby?

GPS
Digital tilsyn
Medisindispenser
Smartdør

Med smartdør er det mogleg både for pasientar/brukarar og tilsette å bruke taggar som nøkkel. Pasient/Brukar kan berre låse opp si eiga dør, og dei tilsette kan låse opp dørene på avdelingane dei har tilgang til.

Tryggleiksalarm

Kven kan få velferdsteknologi ?

Du som har eit behov for teknologiske hjelpemiddel kan søkje om det på lik linje med andre tenester. Du som bur heime, men ikkje lenger har same funksjon som før. Du som ynskjer å vere aktiv og bu heime. Du som er motivert til å klare deg sjølv.

Kva kostar det ?

Dersom dette er nødvendig helsehjelp så er tilbodet gratis. Andre tiltak kan innebere eigenandel fastsett av kommunestyret årleg.

Korleis søkjer du ?

Du søkjer ved hjelp av søknadsskjemaet som du finn du her.

Kontakt

Elise Waade Myklebust
Spesialkonsulent Tenestekoordinering
E-post
Mobil 90 98 41 23
Inga-Lill Slenes Bjørnstad
avdelingsleiar tenestekoordinering
E-post
Mobil 90 82 52 60