Kva er transporttenesta?
TT-ordninga er meint å dekkje fritidsreiser. Du kan lese meir om transporttenesta hjå samferdselavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune, som igjen samarbeider med kommunane. Kommunane står for godkjenning av nye brukarar i samsvar med retningslinjer utarbeidd av fykjeskommunen. (PDF, 938 kB)
Kven kan få tenesta?
Transportteneste er eit tilbod om dør til dør-transport med drosje, til deg som har vansker med å reise kollektivt på grunn av ei funksjonshemming. Transportteneste er ikkje ei lovpålagt teneste. Treng du informasjon om ordninga? Sjå kontaktinformasjonen nedst i denne artikkelen.
Korleis søkjer du?
Du finn søknadsskjema og skjema for legeerklæring på fylkeskommunen sine nettsider.
Søknaden og legeerklæringa skal sendast til kommunen.
Søknadsfristen for 2025 var 1. oktober 2024. Du kan også søke etter fristen. Søknadar som kjem inn etter søknadsfristen vurderer vi fortløpande så lenge vi har ledige plassar og du stettar krava i retningslinjene.
Kva kostar det?
Brukar av ordninga betaler ein eigenandel på kroner 40 kroner per tur (kan ikkje trekkast av brukarkortet).
Kva skal ligge ved søknaden?
Det skal ligge ved legeerklæring for at søknaden kan handsamast. Det er søkjar som må skaffe og levere legeerklæringa.
Når kan du vente svar?
For søknader som vart leverte innan fristen 1. oktober 2024 vil svar kome i løpet av november/desember.