Støttekontakt

Støttekontakt

Ei støttekontakt kan bidra til ei meir meiningsfull fritid, sosialt samvær, venskapeleg hjelp og rådgjeving.

Støttekontakta tilbyr også følgje til ulike fritidsaktivitetar. Fritidstilbodet skal baserast på dine ønske, behov og forutsetningar. Praktiske gjeremål og transport er ikkje primære oppgåver for støttekontakta. 

Støttekontaktene må skrive under på at dei har teieplikt. Teieplikta gjeld også etter at støttekontaktperioden er avslutta.

I Herøy er støttekontaktordninga organisert med utgangspunkt i kvifor du treng støttekontakt, med ulike kontaktpersonar:

  • For personar med utviklingshemming er Beate Lyshagen kontaktperson, i avdeling for bu- og habilitering.
  • For personar under 67 år er May Gunn Ertesvåg kontaktperson, i avdeling for barn, familie og helse.
  • For personar over 67 år er Camilla Kvalsvik Aksnes kontaktperson, i avdeling for pleie- og omsorg.

Kven kan få støttekontakt?

Støttekontakt vert tildelt personar og familiar som har behov for dette på grunn av nedsett funksjonsnivå, alder eller sosiale problem. Støttekontakt kan også tildelast dei som treng personleg hjelp for å ha eit sosialt og aktivt liv.

Kva kostar det?

Tenesta er gratis. Dekning av køyreutgifter er knytt til den einskilde sine behov og det blir gjort ei individuell vurdering for kva som er naudsynt i høve formålet for tenestetilbodet.

Korleis søkjer du? 

Du søkjer ved hjelp av søknadsskjemaet som du finn her.

Ønskjer du å arbeide som støttekontakt kan du registrere deg her.

Når kan du vente svar?

Vi vil handsame søknaden din så fort som råd. Du får svar innan fire veker

Kontakt

May Gunn Ertesvåg
fagleiar Rus
E-post
Mobil 48 12 26 37
Camilla Kvalsvik Aksnes
fagkonsulent pleie og omsorg
E-post
Telefon 99 22 99 82
Mobil 99 22 99 82
Rita Remøy
fagleiar heimetenesta / dagtilbod buhab
E-post
Telefon 70 08 46 66