OmsorgsstønadDu kan ha rett på omsorgsstønad dersom du har omfattande omsorgsoppgåver heime. Det kan vere omsorg gitt til både barn og vaksne, i alle livsfasar. Kven kan søkje? Familiemedlemmar eller andre som utfører tenesta kan søkje. Ved vurdering av søknad skal det særleg leggast vekt på fylgjande moment: · Om omsorgsarbeidet er meir fysisk eller psykisk tyngjande enn vanleg · Om omsorgsabeidet inneber mykje nattarbeid eller avbrot i nattesøvn · Om omsorgsarbeidet skjer over tid eller i periodar · Om omsorgsarbeidet fører til sosial isolasjon og mangel på ferie og fritid · Om omsorgsarbeidet gjeld for meir enn ein person Korleis søkjer du? Du søkjer ved hjelp av søknadsskjemaet som du finn her. Når kan du vente svar? Vi vil handsame søknaden din så fort som råd. Du får svar innan fire veker. Publisert 11.07.2018 11:57 Sist endra 11.09.2023 13:33