Kortvarig behov for hjelpemiddelI faser i livet vil du kunne ha behov for hjelpemiddel for å kunne klare deg i det daglege.Kven får tenesta?Har du eit kortvarig (under to år) og midlertidig behov for hjelpemiddel kan du få låne nødvendig hjelpemiddel i kommunen.Korleis få tenesta?Du kan ta kontakt med pleie- og omsorgsavdelinga som er den avdelinga som har ansvaret for utlån.Det er hjelpemiddelkontakter i heimetenesta i både indre- og ytre Herøy. Hjelpemiddelkontaktene disponerer hjelpemiddel frå kommunalt lager i samarbeid med ergoterapeut.Om du treng krykkjer eller gripetang får du kjøpt dette i Servicetorget på rådhuset. Publisert 27.08.2018 14:41 Sist endra 20.11.2023 10:30