Har du barn mellom 0 og 12 år?

Demens- og psykiatriteamet

Demens- og psykiatriteamet

Demens- og psykiatriteamet er tilpassa dei med demenssjukdom og alderspsykiatriske lidingar.

Kven kan få samtaletid med demens- og psykiatriteamet?

Demens- og psykiatriteamet er tilpassa dei med demenssjukdom og alderspsykiatriske lidingar. Teamet tilbyr samtaler i heimen eller på kontoret etter avtale. Dei tilbyr faglig oppfølging og støttesamtaler, som kan bidra til ein betre kvardag. Teamet tek kartlegging av funksjonsnivå og vurdering av ulike hjelpetiltak. Dei samarbeidar med ulike instansar, som t.d lege, spesialisthelsetenesta, heimetenestene og institusjonar

Demens- og psykiatriteamet har ei arbeidstid mellom 08-16. 

Ved akutt behov ring legevakt på tlf. 116117 eller 113.

Kva kostar det?

Tenesta er gratis.

Korleis søkjer du?

Søknad på teneste kan sendes elektronisk eller på søknadskjema

Etter at du har søkt på tenesta vil nokon frå demens- og psykiatriteamet ta kontakt med deg for å avtale heimebesøk. Vurderingane vil bli gjort som følgje av informasjon som kjem fram i møtet, og eventuelle vedlegg til søknad.

Når kan du vente svar?

Vi vil handsame søknaden din så fort som råd. Du får svar innan fire veker.

Kontakt

Julianne Higraff
sjukepleier
E-post
Janne Smoge Sævik
fagkoordinator demens og psykiatriteam
E-post
Mobil 90 81 07 40