Dagtilbod psykisk helse og rus

Dagtilbod psykisk helse og rus

Aktivitet er positivt for både den fyskiske og den psykiske helsa vår. Å vere saman med andre og oppleve meistring, samt å vere inkludert i meiningsfulle aktivitetar, er viktig for god livskvalitet.

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan ha utdatert informasjon.

Dagtilbodet skal bidra med motivasjon, hjelp og støtte til å meistre utfordringar i kvardagen gjennom å etablere sosiale fellesskap, og utvikle tryggleik i samvær med andre.

Kva aktivitetar tilbyr vi?

Vi har mange ulike gruppetilbod som er organisert i ein aktivitesplan , og denne vert justert og evaluert ilag med dei som nyttar tilbodet to gonger i året.

Dagtilboda er organiserte som gruppetilbod, og mange av dei held til på Solheim kurs- og dagsenter.

Aktivitetsplan:

Aktivitetsplan
Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag
AKTIVITETSDAG 09-15 Kreativ aktivitet 11-13 Open dag 11-15 Middagsgrupp-e 09-15 Dagkino kl. 12. Første torsdag i månaden (alt personale etter liste). Fredagstreff 11-14 (oddetal)
Badegruppe 12-13

 

Kven passar tenesta for?

Tenesta passar for deg som har psykisk helse- og/eller rusutfordring, bustadadresse i Herøy, og er mellom 18-67 år.

Kva kostar det?

Tenesta er gratis.

Korleis ta kontakt?

Om du har ein kontaktperson i tenesta psykisk helse og rus, kan dei hjelpe deg. Om ikkje, kan du ta direkte kontakt med seksjonsleiar.

Kontakt

Silje Ringstad
seksjonsleiar
E-post
Mobil 90 28 73 33
May Gunn Ertesvåg
fagleiar Rus
E-post
Mobil 48 12 26 37