Dagtilbod omsorgssenterHar du lyst til å vere saman med andre eller ta del i ulike aktivitetar, så har vi dagtilbod ved Herøy omsorgssenter og Myrvåg omsorgssenter.Tilboda er opne på dagtid, måndag til fredag.Kven passar tenesta for?Dagtilbodet er aktuelt for eldre med nedsett funksjonsnivå. Her får du frukost, middag og kaffimat i sosialt fellesskap med andre. I tillegg får du tilbod om å delta på ulike aktivitetar.Kva kostar det?Prisane på dagopphald for eldre er bestemt av Stortinget: Dagplass institusjon 2025 Pris Grunnlag Vedtak Dagopphald kr. 115,- pr.dag Fastsett av stortinget Vedtak om eigenbetaling vert gjort etter tildelt dagplass. Korleis søkjer du?Du søkjer ved hjelp av søknadsskjema som du finn her.Når kan du vente svar?Vi handsamar søknaden sin så raskt som mogleg. Du får svar innan fire veker. Publisert 11.09.2019 10:20 Sist endra 02.01.2025 10:28