Blåtunet dagaktivitetssenterBlåtunet er eit dagaktivitetssenter for menneske med demenssjukdom. Blåtunet ligg ved Herøy omsorgssenter, blå avdeling. Tilbodet er på dagtid, måndag til fredag.Kven passar tenesta for?Dagaktivitetstilbodet er aktuelt for menneske med demenssjukdom. Her får du frukost, middag og kaffimat i sosialt fellesskap med andre. I tillegg får du tilbod om å delta på ulike aktivitetar.Kva kostar det?Prisane på dagopphald for eldre er kroner 185,- per dag. Korleis søkjer du?Du søkjer ved hjelp av søknadsskjema som du finn her.Når kan du vente svar?Vi handsamar søknaden sin så raskt som mogleg. Du får svar innan fire veker. Publisert 11.09.2019 11:06 Sist endra 02.01.2025 11:57