Sjølvmordstankar og sjølvmord

Sjølvmordstankar og sjølvmord

Årsaka til at ein person får tankar om, eller gjer forsøk på å ta livet sitt er ofte samansett. For nokre er sjølvmordstankar knytt til ei krise eller ein depressiv episode. Hjå andre er det eit langvarig og tilbakevendande problem. Det er mange stadar ein kan få hjelp og behandling.

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan ha utdatert informasjon.

Når sjølvmordstankane kjem er det viktig å vite at du ikkje er åleine om å ha slike tanker, og at det finst personar som ønskjer å hjelpe deg. Snakk med ein du stolar på og fortel korleis du har det. Det kan bidra til å sortere tankane og gjere det lettare å handtere situasjonen.

Helsenorge har god og viktig informasjon om sjølvmordstankar.

Her får du hjelp dersom du har tankar om å ta ditt eige liv

  • Ved akutte situasjonar - ring legevakta på 116 117 eller naudnummer 113.

Fleire tenester kan hjelpe deg dersom du har sjølvmordstankar eller har forsøkt å ta ditt eige liv. Du kan kontakte:

  • fastlege (dagtid) og legevakt (ettermiddag/kveld/natt)
  • psykisk helse- og rusteeneste, inkl. psykolog
  • helsestasjon- og skulehelseteneste, helsestasjon for ungdom
  • heimebaserte tenester / omsorgstenestene
  • akutte tenester ved distriktspsykiatrisk senter (DPS) i spesialisthelsetenesta

Nokre gongar kan det vere behov for å få bistand fra spesialisthelsetenesta. Fastlegen og psykolog kan henvise deg til barne- og ungdomspsykiatrisk klinikk (BUP) eller distriktspsykiatrisk senter (DPS).

Frivillige organisasjonar kan hjelpe deg

Mange frivillige organisasjoner tilbyr støtte, informasjon og hjelp til menneske som har sjølvmordstankar. Fleire har hjelpetelefonar, chat-tenester og støttegrupper.

Hjelpetelefonar:

Kirkens SOS Norge

Kirkens SOS Norge er ei døgnopa teneste på telefon og internett. Telefon, SOS melding og SOS – Chat.

Sidetmedord.no

Sidetmedord.no er ei netteneste som vert drifta av Hjelpetelefonen 116 123. Hjelpetelefonen driftast av interesseorganisasjonen Mental Helse.

Kors på halsen

Kors på halsen er drifta av Røde Kors. Her kan alle opp til 18 år ringe, sende e-post eller chatte og ta opp det som ein tenkjer på.

Unghjelp

Unghjelp er ein ungdomsdrifta organisasjon som delar og utvekslar erfaringar for å dele kunnskap om psykisk helse blant ungdom i Noreg.

Hjelpetelefonen for seksuelt misbrukte

Hjelpetelefonen for seksuelt misbrukte er for barn, unge og vaksne og har ope heile døgnet, alle dagar i året. Du kan vere anonym.

 

Organisasjonar:

 

Kva kan eg sjølv gjere når det vert vanskeleg?

Dersom tankane om å ta ditt eige liv vert dominerande, er det bra å ha tenkt igjennom på førehand kva du sjølv kan gjere for å lette situasjonen. Lag deg ein krise-/tryggleiksplan som du kan ta fram dersom du har behov for den. Tenk igjennom og skriv ned kva som kan hjelpe deg for å unngå å handle ved sjølvmordstankar:

  • faresignal som til dømes tankar, kjensler og atferd du bør vere merksam på
  • tidlege teikn på krise og faktorar som aukar risiko for sjølvmordsatferd
  • hjelp du kan få frå familie, vener og øvrig nettverk
  • kontaktinformasjon til tenester og personar du ønskjer å involvere når teikn eller symptom er under utvikling og korleis du skal ta kontakt
  • korleis du ønskjer å bli møtt og kva du meiner er verksam hjelp og behandling

Tilsette i helsetenesta kan hjelpe deg å utarbeide ein krise-/tryggleiksplan.

Er du bekymra for om nokon tenkjer på å ta livet sitt?

Mange som er i ei krise veit ikkje kor dei skal vende seg for å få hjelp. Enkelte har det så vanskeleg at dei ikkje er i stand til å hjelpe seg sjølve. Då er det viktig at dei som er i nærleiken tek initiativ og snakkar med vedkomande. Det å spørje nokon om dei har tankar om å ta sitt eige liv vil ikkje gjere det vanskelegare. Det kan bidra til å redde liv.

Kva teikn kan du sjå etter?

Faresignal:

  • Symptom på psykisk liding, særleg depresjon (trist, håpløyse)
  • Sterk angst, rastløyse og/eller indre uro
  • Snakkar om å døy eller om sjølvmord
  • Sosial tilbaketrekking
  • Aukande bruk av rusmiddel
  • Tidlegare sjølvmordsforsøk

Faresituasjonar:

  • Tap eller brot i nær relasjon
  • Andre tap eller negative livshendingar (jobb, utdanning, økonomi)
  • Utsett for vald eller psykiske traumer
  • Nyleg fått diagnostisert alvorlig kroppsleg sjukdom
  • Sosialt isolert
Kven kan eg kontakte for råd og rettleiing?

Fleire kommunale tenester kan gi råd og rettleiing dersom du er uroa for om nokon du kjenner har tankar om å ta sitt eige liv. Du kan kontakte:

  • fastlege (dagtid) og legevakt (ettermiddag/kveld/natt)
  • psykisk helse- og rusteneste, inkludert psykolog
  • heimebaserte tenester / omsorgstenestene
  • akutte tenester ved distriktspsykiatrisk senter (DPS) i spesialisthelsetenesta

Mange frivillige organisasjonar tilbyr støtte, informasjon og hjelp til menneske som har sjølvmordstankar. Fleire har hjelpetelefonar, chat-teenester og støttegrupper

Hjelpetelefonar:

  • Kirkens SOS Norge er ei døgnopa teneste på telefon og internett. Telefon, SOS melding og SOS – Chat.
  • Sidetmedord.no er ei netteneste som vert drifta av Hjelpetelefonen 116 123. Hjelpetelefonen vert drifta av interesseorganisasjonen Mental Helse.
  • Kors på halsen er drifta av Røde Kors. Her kan alle opp til 18 år ringe, sende e-post eller chatte og ta opp sine tankar.
  • Unghjelp er ein ungdomsdrifta organisasjon som delar og utvekslar erfaringar for å dele kunnskap om psykisk helse blant ungdom i Noreg.
  • Hjelpetelefonen for seksuelt misbrukte er for barn, unge og vaksne og har ope heile døgnet, alle dagar i året. Du kan vere anonym.

Organisasjonar:

 

Korleis snakke med barn etter sjølvmord?

Når nokon har teke sitt eige liv, kan barn få med seg meir enn vi trur. Forklar på ein måte som er forståeleg og sannferdig utfrå barnets alder og modnad.

 

Meir informasjon?

I Noreg har vi kompetansemiljø som har høg kompetanse om sjølvmord og førebygging av sjølvmord. Desse har nettsider og forskingsbasert informasjon som du kan lese om her: