1. Saker på raudt nivå (høgaste prioritet)
Dette er saker der det er naudsynt med rask hjelp. Det å sette inn hjelpa raskt vil ha mykje å seie for kor godt hjelpa verkar.
Slike saker kan dreie seg om
- nyopererte med behov for oppfølging
- personar som plutseleg fungerer mykje dårlegare i kvardagen
- personar som er i ein akutt overgangsfase (for eksempel nokon som skal heim etter eit opphald i sjukehus/sjukeheim som kom brått på)
- personar med kort forventa levetid
2. Saker på gult nivå (lågare prioritet)
Dette er saker der det å sette inn hjelpa tidleg vil ha mykje å seie for kor godt hjelpa verkar.
Slike saker kan dreie seg om
- personar som byrjar å fungere dårlegare i kvardagen, og konsekvensane er store
- personar som har hatt nedsett funksjonsevne lenge og no er blitt verre
- barn med nedsett funksjonsutvikling
3. Saker på grønt nivå (lågaste prioritet)
Dette er saker der hjelpa kan auke livskvaliteten. Men hjelpa kan vente utan at konsekvensane blir store.
Slike saker kan dreie seg om
- personar som har vanskar med å vere i aktivitet på grunn av langvarig sjukdom – eller ein sjukdom som har utvikla seg, men no er i ein stabil fase
- barn med seinare funksjonsutvikling enn andre på same alder
- personar i ein planlagt overgangsfase (for eksempel nokon som skal flytte heim frå sjukeheim, og der flyttinga har vore førebudd ei stund)