Kommunefysioterapeuten gir tenester til barn og unge og til menneske som bur på institusjon.
Tilbodet kan omfatte
- individuell fysioterapivurdering og behandling
- rehabilitering
- gruppetilbod
- hjelpemiddelformidling
- rettleiing til pårørande og tilsette i barnehage, skule og institusjon
Vi har desse gruppetilboda:
- bassengtrening for vaksne/eldre og barn/unge
- 4-månadarsgruppe på helsestasjonen
- balansegruppe for vaksne
Slik får du tenesta
Du kan ta direkte kontakt med fysioterapeuten, eller du kan bli tilvist til fysioterapeuten frå til dømes helsestasjon, fastlege, institusjon eller andrelinjeteneste. Fysioterapeuten vil starte på saka di så raskt som råd.
Kva kostar det?
Alle over 16 år som får undersøking og/eller behandling av kommunal fysioterapeut må betale ein eigenandel. Dette gjeld ikkje dei på sjukeheim.
Du får tilsendt rekning frå Herøy kommune i etterkant til frikort er oppnådd. Det er felles frikort for lege og fysioterapeut.
For ein time som ikkje vert nytta utan at vi får varsel seinast 24 timar før, vert du fakturert for den tida timen skulle vare. Du må då betale uavhengig av om du har frikort eller ikkje.
Kontaktinformasjon
Besøks-/postadresse: Herøy helsesenter, Eggesbøvegen 11, 6092 Fosnavåg.
Gjeld det fysioterapi på sjukeheim? Då kan du ringe direkte til nummeret 91 33 25 09.
Gjeld det fysioterapi til barn? Då kan du ringe direkte til nummeret 97 56 20 70.