Ergoterapi

Ergoterapi

Opplever du utfordringar med å utføre eller delta i aktivitetar i kvardagen, og har du nedsett funksjonsevne? Då kan du få hjelp av ein ergoterapeut.

Ergoterapeuten vil som regel kome heim til deg for å kartlegge utfordringane dine. Ergoterapeuten vil vurdere aktuelle løysingar saman med deg. Målet er at du skal oppleve størst mogleg grad av meistring i kvardagen din.

Løysingane kan vere å

  • trene på å utføre daglege aktivitetar på nye måtar
  • tilrettelegge omgivnadane slik at dei ikkje skapar utfordringar
  • bruke hjelpemiddel til å kompensere for den tapte funksjonen

Slik får du tenesta

Du kan ta kontakt direkte med ergoterapeuten eller be om tilvising vidare frå andre tenester. Ergoterapeuten vil starte på saka di så raskt som råd.

Kva kostar tenesta?

Å få hjelp av ein ergoterapeut er gratis. 

Kontaktinformasjon

Herøy helsesenter, Eggesbøvegen 11, 6092 Fosnavåg.

Sjå kontaktpersonane nedanfor.

Les meir om ergoterapi i denne brosjyren (PDF, 181 kB).

Kontakt

Mari Skogstad
ergoterapeut
E-post
Mobil 99 21 00 95
Kathrine Torvik Eikenæs
ergoterapeut/kvardagsrehabilitering
E-post
Mobil 99 21 00 26