Pakkeforløp psykisk helse og rusVi har i dag eit godt utbygd tenestetilbod til menneske med utfordring knytt til psykisk helse og rus. Det er likevel et potensiale for forbetring, og frå 01. januar 2019 vart det innført «Pakkeforløp» for psykisk helse og rus i Herøy . Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan ha utdatert informasjon. Det er Helsedirektoratet som har fått i oppdrag av Helse og omsorgsdepartementet å utarbeide pakkeforløpa , og starte det opp i kommunane i Norge. Dette krev endring i samhandlingsrutinar både internt i kommunen og i spesialisthelsetenesta. Kva er nasjonalt pakkeforløp ? Pakkeforløp for psykisk helse og rus skal gje deg som pasient eller pårørande eit behandlingsforløp som er heilskapleg og utan unødig ventetid. Du skal få meir innverknad på behandlinga, og den skal bli evaluert undervegs. Pakkeforløpet skal bidra til å sette god praksis i system. Målet er å stadig forbetre behandlingstilbodet på psykisk helse og rus, og redusere uønska variasjon av tilbodet i landet, slik at alle får så god og effektiv behandling som mogleg. Dei fem måla for pakkeforløpa Auke brukarmedverknad og brukartilfredsheit Samanhengande og koordinerte pasientforløp Unngå unødig ventetid Likeverdige tilbod til pasientar og pårørande uavhengig av kor i landet dei bur. Betre ivaretaking av somatisk helse og gode levevanar Meir informasjon om pakkeforløp Her kan du lese kva helsenorge.no seier om det nye pakkeforløpet for psykisk helse og rus. Her kan du også lese kva Helsedirektoratet seier om pakkeforløpet for psykisk helse og rus. Publisert 16.09.2019 09:51 Sist endra 18.07.2023 04:43