Målet er å hjelpe menneske med moderate til alvorlege psykiske lidingar og eller rusutfordringar ut i ordinært arbeidsliv.
Unikt for IPS-prosjektet er at jobbsøkaren får individuell oppfølging av ein jobbspesialist som er integrert i jobbsøkaren si oppfylging frå kommunal rus og psykisk helseteneste eller spesialisthelsetenesta DPS. Tilbodet vert gitt utan anna føresetnad enn at jobbsøkjaren har eit ynskje om å vere i ordinær jobb.
Vi skal starte tidleg i forløpet med jobbsøking. Jobbsøkjar sine ønskjer og preferansar skal vektleggast, og arbeidsperspektivet skal integrerast i behandlarforløpet. Oppfølginga av den enkelte jobbsøkjar er individuelt tilpassa, og varer i uavgrensa tid.
IPS bygger på åtte grunnleggande prinsipp:
- Målet er ordinært, lønna arbeid.
- Tilbodet vert gitt basert på jobbsøker sine eigne ynskje; ein kan ikkje ekskluderast med bakgrunn i diagnose, symptomer, rus eller sjukdomshistorie.
- Individuell jobbstøtte er ein integrert del av behandlinga.
- Jobbsøk skal basere seg på den enkelte sine interesser og dugleikar.
- Oppfølginga inkluderer rådgjevning om søknadar om offentlege ytingar og trygd.
- Hurtig jobbsøk: Ein skal ikkje ha lengre periodar med førebuing, trening eller rådgivning før ein prøver seg i arbeid.
- Systematisk Jobbutvikling: IPS-jobbspesialisten brukar ein stor del av tida si på å bygge nettverk hjå arbeidsgjevarar basert på å finne aktuelle jobbar som passar kvar enkelt.
- Individuell oppfølging utan tidsavgrensning.
Vil du vite meir om IPS-prosjektet? Eller kanskje du kan tenkje deg å kome i jobb?
Ta kontakt med din behandlar i teneste for psykisk helse og rus.