Avlasting

Avlasting

Herøy kommune har to ulike avlastingstilbod i institusjon. Tenesta er knytt til pårørande med særleg tyngjande omsorgsoppgåver.

Kven kan få avlasting?

Foreldre til barn under 18 år kan få avlastingstilbod i Vatnevegen 1. Barneavlastinga er delt i to separate leilegheiter. Der er det mogleg å skjerme dei barna som treng det. Tenesta er tilgjengeleg kveld (etter skuletid), helgar og ved skulefri.

Det andre avlastingstilbodet er meint for pårørande til eldre, og er ved omsorgssentera i kommunen.

I tillegg kan ein søkje om avlasting utanfor institusjonane, for eksempel for eit barn som er hjå bestemor ei helg i månaden.

Kva kostar det?

Avlasting er gratis.

Ved avlasting i omsorgssenter er det ikkje tilbod om legetilsyn, og ein må ha med eigne medisinar og ev medisinsk utstyr. Ved behov for legetilsyn under opphaldet vert det nytta legevakt. Rutinemessig vert det nytta korttidsopphald i omsorgssenter ved første opphald. Dette for å kartlegge hjelpebehov og for å vurdere om pasienten er kandidat til avlastingsopphald.

Korleis søkjer du?

Du søkjer ved hjelp av søknadsskjemaet.

Når kan du vente svar?

Vi vil handsame søknaden din så fort som råd. Du får svar innan fire veker.

Kontakt

Gry Dragsund-Vike
avdelingsleiar pleie og omsorg
E-post
Mobil 90 78 51 78
Inga-Lill Slenes Bjørnstad
avdelingsleiar tenestekoordinering
E-post
Mobil 90 82 52 60
Rose-Marie Kvalsund
avdelingsleiar Bu og habilitering
E-post
Mobil 99 09 80 23