Eit tverrfagleg team med ergoterapeut, fysioterapeut og sjukepleiar gjer ei systematisk kartlegging. Deretter utarbeider mål og plan i samarbeid med deg. Teamet vil i ein periode samarbeide med deg om å nå disse måla.
Det er forventa at du tek aktivt del for å nå måla dine.
Tilbodet er ikkje spesialisert rehabilitering, men hjelp til sjølvhjelp. Tilbodet varer i ein begreinsa tidsperiode på seks veker. Målet er at du etter dette skal fortsette på eiga hand.
Kven er målgruppa?
- Du som ønsker å vere aktiv og bu heime.
- Du som opplever utfordringar i kvardagen etter sjukdom/skade.
- Du som opplever ein reduksjon i funksjonsnivå, eller har risiko for å miste funksjon.
- Du som søker helse- og omsorgstenester for fyrste gong, eller søker om meir teneste.
- Du som er motivert til å gjere noko med eigen situasjon og kan aktivt ta del i å utforme mål for rehabiliteringsperioden.
- Du som kan følgje instruksjon og sjølvstendig følgje opp tilpassa eigentreningsprogram.
- Treninga må kunne utførast i heimen/nærmiljøet.
- Det er tverrfagleg vurdert at du har rehabiliteringspotensiale.
Du kan lese meir om kvardagsrehabilitering i Herøy kommune i denne brosjyren (PDF, 499 kB).
Slik får du tenesta
Du søkjer ved hjelp av søknadsskjemaet som du finn her.
Du kan også ta kontakt direkte med teamet eller be om tilvising vidare frå andre tenester.
Vi handsamar søknaden din så raskt som mogleg. Du får svar innan fire veker.
Klage på vedtak?
Om du vil klage på vedtak, kan du lese meir om korleis du går fram her.
Kva kostar det?
Å få hjelp av kvardagsrehabiliteringsteamet er gratis.
Kontaktinformasjon
Besøks-/postadresse: Herøy helsesenter, Eggesbøvegen 11, 6092 Fosnavåg.
Sjå kontaktpersonane nedanfor.