Individuell plan (IP)

Individuell plan (IP)

Individuell plan er eit samarbeidsdokument som skal bidra til eit meir heilskapeleg tenestetilbod i kvardagen. 

Kva er ein individuell plan?

Individuell plan er ei oversikt over dei ulike tenestene du får. Du får også ein koordinator, som blir din kontaktperson. Koordinator kan hjelpe deg med å samordne tenestene du har vedtak om.

Kvar kommune er lovpålagt å ha ei koordinerande eining, som har overordna ansvar for arbeidet med individuell plan, og for oppnemning, opplæring og rettleiing av koordinatorar.

I Herøy nyttar vi det digitale verktøyet Visma flyt Samspill til samhandling rundt individuell plan. Det kan nyttast på mobil, nettbrett og PC og gir deg enkel og god oversikt. Du kan vere trygg på at informasjonen som er lagra om deg her er trygg, og berre dei du samtykker til får tilgang til din plan. Verktøyet er meint å lette samarbeidet for alle som er involvert.

Kven kan få individuell plan?

Du kan få individuell plan dersom du har ulike helseutfordringar, og du mottek tenester over ei lengre periode.

Her kan du lese meir:

Kva kostar det?

Tenesta er gratis.

Korleis søkjer du? 

Du søkjer ved hjelp av dette skjemaet.

Når du søkjer om individuell plan får du medverke i val av koordinator.

Når kan du vente svar?

Vi vil handsame søknaden din så fort som råd. Du får svar innan fire veker.

Kontakt

Inga-Lill Slenes Bjørnstad
avdelingsleiar tenestekoordinering
E-post
Mobil 90 82 52 60
Elise Waade Myklebust
Spesialkonsulent Tenestekoordinering
E-post
Mobil 90 98 41 23
Marit Dalsbø
Spesialkonsulent Tenestekoordinering
E-post
Mobil 90 83 23 23
Nina Leine
spesialkonsulent Tenestekoordinering
E-post
Mobil 41 64 64 31