Barnekoordinator

Barnekoordinator

Når eit barn er alvorleg sjukt og/eller har nedsett funksjonsevne, har familien rett til ein barnekoordinator.

Barnekoordinatoren vil samle og koordinere dei ulike tenestene, slik at familien og barnet får hjelpa dei treng. Barnekoordinatoren kjenner tenestene i kommunen og er ein del av koordinerande eining.

Retten til barnekoordinator gjeld når barnet er under 18 år.

Kva gjer barnekoordinatoren for familien?

 Barnekoordinatoren vil blant anna

  • gi informasjon og rettleiing om dei rettane familien har og om tenestetilboda til kommunen
  • formidle kontakt til aktuelle organisasjonar, til dømes pasientorganisasjonar
  • sørge for framdrift i den individuelle planen til barnet, viss barnet har ein slik plan
  • sørge for at det er samarbeid mellom dei ulike tenestene
  • sikre kontinuiteten i sårbare overgangar
  • sikre brukarmedverknad

Arbeidet til barnekoordinatoren tar utgangspunkt i eit viktig spørsmål: Kva er viktig for deg og familien din? Barn har rett til å bli høyrde i spørsmål som gjeld dei. Deira meining skal leggast vekt på i takt med alderen og utviklinga.

Kva er skilnaden på alminneleg koordinator og barnekoordinator?

Vilkåra for å ha rett til barnekoordinator er noko strengare enn vilkåra for å få ein alminneleg koordinator i individuell plan. I tillegg rettar barnekoordinatoren større merksemd mot familiane enn ein alminneleg koordinator. Du kan lese meir om det i den nasjonale rettleiaren for samarbeid om tenester til barn og unge.

Nokre familiar vil oppfylle vilkåra for å få både barnekoordinator og alminneleg koordinator. Men det er ikkje meininga at ein skal ha to koordinatorar. I slike tilfelle skal kommunen, i samråd med barnet, ungdommen og familien, vurdere kva type koordinator det er mest hensiktsmessig at familien får.

Korleis får ein barnekoordinator i Herøy?

Barnekoordinator i Herøy er  i avdeling for tenestekoordinering. Sjå kontaktinformasjonen nedst på sida. Koordinatoren er tilgjengeleg alle kvardagar mellom 8 og 16.

Om du vil søke om å få barnekoordinator, skal du bruke dette søknadsskjemaet.

Når kommunen kjenner til at ein familie har behov som kan gi rett til barnekoordinator, vil kommunen på eige initiativ informere familien om ordninga. Familiane som er kjende for oss vil bli kontakta.

Korleis kan du klage om du ikkje får barnekoordinator?

Du kan klage på

  • avslag om barnekoordinator
  • endring eller opphøyr av barnekoordinator
  • manglande oppfylling av rett til barnekoordinator.

 

Send klage til Herøy kommune, helse og omsorg v/ koordinerande eining, Eggesbøvegen 11, 6092 Fosnavåg.

Kontakt

Nina Leine
spesialkonsulent Tenestekoordinering
E-post
Mobil 41 64 64 31