Delta i høyringa om skulestruktur

Innsatstrappa

Innsatstrappa

Innsatstrappa gir oversikt over tenestetilboda våre. Trappa hjelper oss med å sjå kva tenester vi må styrke for å møte behova framover.

Ei trapp med tolv nummererte steg, med tekst til kvart steg. Teksten til stega er gjengitt i teksten i artikkelen nedanfor. - Klikk for stort bilete illustrasjon frå Agenda Kaupang

Innsatstrappa har tolv trinn. På dei første trinna finn du breie tilbod som hjelper alle innbyggarane med å ta vare på helsa si. I den andre enden av trappa finn du spesialiserte tilbod for innbyggarar med store hjelpebehov.

Målet vårt er å styrke dei første trinna i trappa for å utsette behovet for tenestene på dei mellomste og siste trinna. Med andre ord: Vi skal førebygge framfor å reparere. Det gir best kvalitet for innbyggaren og kostar minst for samfunnet.

Selskapet Agenda Kaupang står bak innsatstrappa. I Herøy har vi laga vår eiga utgåve.

 

Innsatstrappa i Herøy

Trinn 1: Attraktive og aktive lokalsamfunn

Innbyggarane er aktive i utvikling av lokalsamfunn, og er engasjerterte i lag, organisasjonar, idrett, kultur, brukarutval, dialogmøter og politiske utval. 

Barn og unge lærer, trivst og utviklar evnene sine i barnehagen, på skulen og i fritida. 

Herøy kommune

  • involverer innbyggarane i utvikling av lokalsamfunn
  • samarbeider med frivillige, næringsliv og andre aktørar
  • stimulerer til deltaking i frivillige organisasjonar ved å opne kommunen sine bygg utanom opningstid
  • samskapar arenaer for læring, nærdemokrati og inkluderande møteplassar
  • skapar generasjonsvenlege lokalsamfunn gjennom universell utforming, grøne "lunger", offentleg transport med meir
  • forankrar inludering og medverknad i kommunen sine planar

Tenestene på dette trinnet

Barnehage, skule og fritid

  • trygge og gode oppvekst- og læringsmiljø 

Møteplassar og aktivitet 

  • barnehage, skule, SFO, UFO, fritidsklubb og kulturskule
  • bibliotek 
  • museum 
  • turområde og parkanlegg 
  • uteområde som leikeplassar, benkar, turvegar, parkar, badestrender og liknande 
  • idrettshallar, sunnmørsbadet, treningssenter 
  • kultur- og kinotilbod 
  • kafear og restaurantar 
  • festivalar og arrangement 

Universell innsats 

  • arealplanlegging 
  • universell utforming og tilrettelegging 
  • offentleg transport 
  • brukarutval for medverknad  
  • aldersvenleg og demensvenleg samfunn 
  • BUA 

Samarbeid med næringsliv og frivillige organisasjonar 

  • idrettslag og fysisk aktivitet
  • kulturaktivitetar – lag og organisasjonar, korps, musikk, song
  • velforeiningar, venneforeiningar, pårørande- og interesseforeiningar
  • frivilligsentral
  • folkehelsearbeid
  • innovasjonscamp – samarbeid mellom næring og skule 

Digitale løysingar ​

  • digitale kommunikasjonsplattformer ​
  • tilskotsportalen
  • mobildekning og fiber
  • heimesider
Trinn 2: Helsefremjande og førebyggjande aktivitet

Innbyggarane er aktive i kvardagen, og veit at god helse i dei fleste tilfelle vert skapt utanfor helsevesenet. Dei tek gode val for si eiga fysiske og psykiske helse – også med tanke på framtida.

Herøy kommune

  • formidlar kunnskap om kva som skapar god fysisk og psykisk helse for deg sjølv og dei du har omsorg for
  • har kunnskap om risiko- og beskyttelsesfaktorar i barn sin oppvekst og handlar ved teikn og signal som gir grunn til bekymring
  • tilbyr lett tilgjengelege helsefremjande tilbod og aktivitetar
  • fremjar god folkhelse saman med innbyggarar og organisasjonar, og søkjer prosjektmidlar for nyskaping
  • tek vare på lag og organisasjonar, og støttar opp under nye initiativ

Tenestene på dette trinnet

Møteplassar og aktivitetstilbod/kurs 

  • Senioruniversitetet 
  • Svingen dagaktivitetstilbod 
  • Sterk og stødig 

Systematisk førebyggande arbeid 

  • helsestasjon
  • barnevernsteneste 
  • kommuneoverlege 
  • folkehelsekoordinator  
  • legeteneste 
  • psykologteneste 
  • pedagogisk-psykologisk teneste
  • handlingsplan mot vald i nære relasjonar 
  • MOT (program for å gjere barn og ungdom meir robuste og gi livsmeistring) 
  • sjukefråværsførebygging - Nav arbeidslivssenter
  • bassengtrening  
  • brannførebyggande arbeid
  • planar for trygt miljø i barnehagar og skule
  • foreldreskule 

Råd og rettleiing 

  • jordmorteneste
  • helsestasjon for barn 0-5 år
  • skulehelseteneste
  • ergoterapi, fysioterapi (rådgjeving/konsultasjon)
  • regional rådgjeving om vald i nære relasjonar (krisesenter for Sunnmøre)
  • miljørettleiar på ungdomskulen 

Digitale løysingar 

  • digital helsehjelp
  • betre tverrfagleg samhandling (BTS-portalen)
  • nasjonale informasjons- og chattetilbod
Trinn 3: Tidleg innsats

Innbyggarane tek aktive grep for å meistre livet, også når livssituasjonen endra seg og livet byr på ekstra utfordringar for dei sjølve eller nokon dei har omsorg for.

Herøy kommune

  • gir informasjon og råd til innbyggarar med utfordringar og som vil ha nytte av hjelpetiltak
  • skaper god dialog og avklarar forventningar
  • samarbeider på tvers av tenester slik at oppfølging vert heilskapeleg og koordinert
  • tilbyr lett tilgjengeleg rådgjeving, gruppetilbod, kurs og individuell hjelp som bidreg til at innbyggarane lærer å meistre eigen livssituasjon

Tenestene på dette trinnet

Rådgjeving

  • familierådgjeving
  • koordinerande eining
  • karriererettleiing gjennom skulen, NAV og oppfølgingstenesta
  • syn- og hørselskontakt
  • likemannsarbeid på frivilligsentralen
  • demensteam og pårørandeskule
  • økonomisk rettleiing (Nav)

Meistringstiltak 

  • lærings- og meistringskurs
  • demensvenleg samfunn
  • barnevernsvakt 24/7/365
  • helsestasjon for ungdom
  • hjelpemiddelformidling
  • matombering
  • besøksvenn 
  • psykisk helsehjelp
  • familieterapi
  • foreldrerettleiing 
  • krisesenter
  • diakoniteneste
  • ta tak-kurs (for pårørande innan psykisk helse og rus)
  • brukarutval
  • meistringsmesse
  • pårørandekontakt i psykisk helse og rus
  • barnekoordinator
  • tverrfagleg team i alle barnehagar og grunnskular 
  • ressursteam og OT (oppfølgingsteneste) i vidaregåande skule
  • ungdomsgarantien (bistand frå NAV til utdanning og arbeid)
  • SIM (kvar skule sitt innsatsteam mot mobbing)
  • følgekort 
  • opplevingskort/kontantkasse 

Digitale løysingar 

  • Nav-portalen på nav.no
  • Innbyggardialog 
Trinn 4: Tilrettelagt arbeids- og aktivitetstilbod

Innbyggarane opplever god livskvalitet når dei får bidra med sine evner og ressursar i kvardagen, arbeidslivet, i barnehagen, i skulen eller i aktivitetar.

Herøy kommune

  • støttar og rettleiar innbyggarane, slik at alle får moglegheit til ein meiningsfylt kvardag, vere i arbeid eller delta i aktivitetar som passar deira føresetnadar
  • avlastar pårørande/omsorgspersonar med mål om å unngå meir inngripande hjelpetiltak
  • sikrar inkludering og likeverdige tenester
  • sikrar rettane innbyggarane har, gjennom målsettingar, godt samarbeid og felles kultur

Tenestene på dette trinnet

Del av eit inkluderande fellesskap i barnehage og skule

  • spesialpedagogiske tiltak og spesialundervisning
  • vaksenopplæring/grunnskuleopplæring spesielt tilpassa vaksne 

Tilrettelagt arbeid (Nav)

  • ordinær oppfølging frå NAV mot arbeid og aktivitet
  • avklaring av arbeidsevne
  • mellombels lønstilskot
  • tett oppfølging med supported employment
  • jobbspesialistar
  • IPS, jobbstøtte, varig tilrettelagt arbeid 

Transportteneste 

  • transportordning til og frå arbeid/aktivitet for personar med nedsett funksjonsevne
  • TT-kort
  • parkeringsbevis 

Aktivitetstilbod

  • tilpassing og støtteordningar til deltaking i fritidsaktivitetar
  • støttekontakt
  • tilbod etter barnehage og skule i form av SFO, aktivitet, avlasting, leksehjelp for elevar med særskilte behov i skuleløpet
  • aktivitetstilbod til 
    • eldre heimebuande
    • heimebuande med demens sjukdom
    • vaksne personar med utviklingshemming
    • personar med utfordringar knytt til rus og psykisk helse
    • vaksne personar med nedsett funksjonsevne
    • barn med utviklingshemming
    • barn med funksjonsnedsetting  

Digitale løysingar

  • teknologiske hjelpemiddel som støttar læring og utvikling
  • velferdsteknologi tilpassa brukar sine behov 
Trinn 5: Kommunalt disponerte bustadar

Innbyggarane treng ein trygg heim. Dei som ikkje klarar skaffe seg eigen bustad, kan søkje om naudsynt støtte og oppfølging.

Herøy kommune

  • sikrar innbyggarar som ikkje kan busette seg sjølv, ein høveleg bustad
  • nyttar tilgjengelege støtteordningar for å sikre vanskelegstilte bustad
  • tilbyr høvelege bustadar for leige, eventuelt kjøp etter tildeling. 
  • bidreg til å utvikle eit diffrensiert bustadtilbod gjennom samarbeid med private utbyggarar

Tenestene på denne trinnet

Støtteordningar

  • rettleiing om økonomi
  • burettleiing
  • startlån, tilskot og bustøtte 

Kommunale bustadar

  • kommunale gjennomgangsbustadar
  • omsorgsbustadar
  • akuttbustad (hotell eller liknande)

Digitale løysingar

  • Husbanken sin søknadsportal
  • velferdsteknologi tilpassa brukar sine behov
  • søknadsportal på heimesida 
Trinn 6: Leve godt i eigen heim

Innbyggarane skal leve godt i eigen heim. Mange vil i periodar av livet trenge praktisk støtte og rettleiing i heimen for å kunne oppretthalde gode kvardagar.

Herøy kommune

  • sikrar heilskapelege og gode tenester
  • tek vare på barn og unge som lever under tilhøve som kan vere skadelege, slik dei får naudsynt hjelp og omsorg til rett tid
  • legg til rette for at barn med funksjonshemming får bu heime saman med familien sin så langt det er mogleg. Kommunen og føresette samarbeidar om omsorgsansvaret.
  • sikrar tilpasning av eigen bustad, opplæring, rehabilitering, habilitering, praktisk bistand og støtte
  • legg til rette for omsorgspersonar si evne til å stå i omfattande omsorgsoppgåver over tid

Tenestene på dette trinnet

Støtte/tiltak 

  • omsorgsstønad
  • avlasting (time- og døgnbasert avlasting i eigen heim) 

Opplæring og rettleiing 

  • tilpassa familiestøtte
  • barnevern
  • koordinator og individuell plan
  • økonomi og gjeldsrådgjeving (Nav)
  • hjelpemiddel - utlån og teknisk drift
  • ergoterapi/fysioterapi
  • kreftkoordinator
  • demensteam
  • rusrådgjeving (kommune, fastlege, Nav)

Praktisk bistand

  • kvardagsrehabilitering
  • opplæring og gjennomføring av daglege gjeremål
  • miljøtiltak i heimen
  • brukarstyrt personleg assistande (BPA) og personleg assistanse (PA) 

Digitale løysingar og tekniske hjelpemiddel

  • kartlegging og søknad
  • utlevering, montering, opplæring
  • oppfølging, demontering og innlevering
  • velferdsteknologi som tryggleiksalarm med sensorar, digitalt tilsyn, elektronisk medisineringsstøtte, lokaliseringsteknologi, AV1-skulerobot med meir
  • digital heimeoppfølging
Trinn 7: Helsehjelp til heimebuande

Innbyggarane som har forbigåande eller konstante helseutfordringar, oppnår raskare habilitering når det skjer heime, og vert tilpassa kvardagen for den einskilde. Fleksible tenester som møter behovet for helsehjelp og oppfølging, gjer at helseutfordringane ikkje er til hinder for å oppleve tryggleik og gode kvardagar i eigen heim.

Herøy kommune

  • sikrar heilskapeleg og tverrfagleg oppfølging av innbyggarar med komplekse og samansette behov
  • førebygger behovet for meir omfattande helsehjelp, som til dømes døgntenester i kommunen eller innlegging i sjukehus
  • førebygger utfordrande og utagerande åtferd

Tenestene på dette trinnet

Habilitering og rehabilitering

  • hjelpemiddel - langtidsutlån
  • fysioterapi og ergoterapi
  • legemiddelassistert rehabilitering (LAR)
  • kvardagsrehabilitering/rehabilitering i heimen 

Målretta helsehjelp

  • heimesjukepleie, døgnbemanna
  • teneste for psykisk helse og rus
  • miljøarbeidarteneste for personar med utviklingsforstyrring og psykisk utviklingshemming
  • ACT-team (ambulant team i samspel med spesialisthelsetenesta for personar med psykose)
  • demensteam 

Digitale løysingar

  • tryggleiksalarm med sensorar
  • digitalt tilsyn
  • elektronisk medisineringsstøtte
  • lokaliseringsteknologi
  • digital heimeoppfølging
  • smarte heimar
Trinn 8: Bustadar med fellesfunksjonar

Innbyggarane har tilgang til ulike buformer, tilpassa eigne behov – men også med tanke på framtida. Når alder eller funksjonsevne skapar behov for auka nærleik til tenester og meir tilrettelegging, kan dei flytte til bustadar med fellesfunksjonar som gjer det mogleg å framleis meistre kvardagen og leve sjølvstendig i eigen heim.

Herøy kommune

  • samarbeidar med private aktørar om utvikling av nye buformer og nye løysingar (både eige og leige), som fremjar fysisk og sosial aktivitet - både inne og ute. Bustadane har nærleik til andre kommunale tenester som legekontor, fysioterapi og servicetilbod. 
  • legg til rette for samlokaliserte bustadar med velferdsteknologiske løysingar som gir tryggleik og stimulerer til fellesskap, med lav grad av bistand
  • tilbyr oppsøkande helsehjelp med føreseieleg responstid

Tenestene på dette nivået

 Råd og rettleiing

Nye buformer for framtida

  • bumiljø med sosiale og kulturelle funksjonar ute og inne
  • privat utbygging i dialog med kommunen
  • samarbeid med private utbyggjarar
  • samlokaliserte bustader og bukollektiv
  • bustader for menneske med funksjonsnedsettingar
  • satsing knytt til tettstadsutvikling og kollektive knytepunkt 

Digitale løysingar

  • tryggleiksalarm med sensorar
  • digitalt tilsyn
  • elektronisk medisineringsstøtte
  • lokaliseringsteknologi
  • digital heimeoppfølging
  • smarte heimar
Trinn 9: Tidsavgrensa opphald

Innbyggarane med omfattande behov for helse- og omsorgstenester i periodar, får tidsavgrensa (midlertidig) opphald i institusjon.

Herøy kommune

  • førebygger funksjonsfall hos innbyggarane
  • rehabiliterer innbyggarar etter funksjonsfall og førebygger behov for meir inngripande hjelpetiltak
  • avtalastar og støttar pårørande som står i omfattande omsorgsoppgåver over tid, slik dei får naudsynt fritid, ferie og moglegheit til å delta i aktivitetar
  • tilbyr heilskapeleg og tverrfagleg utgreiing for å avklare rett omsorgsnivå/innsats
  • tilbyr øyeblikkeleg hjelp som eit alternativ til innlegging i sjukehus, for pasientar som er vurdert av lege og vurdert til å vere medisinsk avklart

Tenestene på denne trinnet

Tidsavgrensa opphald

  • mobiliseringsopphald/rehabiliteringsopphald
  • behandling- og observasjonsopphald
  • utgreiingsopphald
  • omsorg ved livets slutt (palliativ behandling)
  • avlastningsopphald demens og somatisk
  • døgnavlastning for barn/unge/vaksne i institusjon 

Kommunalt akutt døgnopphald

  • akutte og kortvarige innleggingar av pasientar som er avklart av lege
  • gjeld både fysisk og psykisk helse

Digitale løysingar

  • pasientvarsling med sensorar
  • digitalt tilsyn
  • lokaliseringsteknologi
  • smartdører
Trinn 10: Bustadar med døgntenester

Innbyggarane som har vedvarande behov for døgntenester får tilgang til tilrettelagt bustad med god tilgang på fagkompetanse. Buforma legg til rette for å leve eit sjølvstendig liv i eigen heim, og samtidig oppleve tryggleik og livskvalitet.

Herøy kommune tilbyr heildøgnsbemanna bustadar som

  • støttar opp under den einskilde si evne til meistring og sjølvstende
  • stimulerer til god helse, sosiale fellesskap og livskvalitet
  • gir tilgjengelege og oppsøkande tenester der innbyggaren bur
  • sikrar rett og spesialisert kompetanse utifrå funksjonsnivå og behov
  • legg til rette for ein sjølvstendig kvardag for unge innbyggarar med funksjonsnedsettingar, når dei er klare for det
  • gir tryggleik for framtida for foreldre med barn med funksjonsnedsettingar

Tenestene på dette trinnet

Bustad, bufellesskap og bukollektiv til personar med

  • samansette behov/utfordringar
  • demenssjukdom
  • utviklingshemming, autismespekter og nedsett funksjonsevne
  • psykiske lidingar
  • rus og samtidig psykiske utfordringar  

Leve heile livet

  • frivillig arbeid
  • den kulturelle spaserstokk
  • samarbeid med skule, barnehage og kultur 

Digitale og tekniske løysingar

  • pasientvarslingsanlegg med sensorarar
  • digitalt tilsyn
  • lokaliseringsteknologi
Trinn 11: Institusjon

Innbyggarane med behov for omfattande helse- og omsorgstenester får langtidsopphald i institusjon når hjelpetiltak på lavare trinn ikkje lenger gjer dei i stand til å bu trygt i eigen heim. 

Herøy kommune er godt rusta med langtidsplassar som

  • tek vare på innbyggarar med behov for omfattande pleie, medisinsk oppfølging og behandling 
  • sikrar oppfølging og tilsyn gjennom heile døgnet i permanent langtidsopphald
  • evaluerer helsetilstand og gir oppfølging på rett omsorgsnivå/trinn

Tenestene på dette trinnet

Ordinære langtidsplassar

  • Myrvåg omsorgssenter
  • Herøy omsorgssenter 

Digitale og tekniske løysingar

  • pasientvarsling med sensorarar
  • lokaliseringsteknologi
  • digitalt tilsyn
  • kommunikasjonsplattformer  

Leve heile livet

  • frivillig arbeid
  • kulturell spaserstokk
  • samarbeid med skule, barnehage og kultur 
Trinn 12: Spesialiserte plassar i bustad og institusjon

Innbyggarane som har særskilte utfordringar, til dømes å kontrollere eigen åtferd, får tilgang til forsterka, spesialiserte butilbod. 

Herøy kommune

  • sørger for tilbod med stor grad av spesialisering og spissa fagkompetanse for ulike brukargrupper
  • skapar trygge rammer for innbyggarane sine liv
  • sørger for at ingen er til fare for seg sjølv eller andre
  • vurderer tilboda fortløpande
  • kjøper tenester frå eksterne aktørar der det er naudsynt

Tenestene på dette trinnet

Spesialiserte bustadar

  • avlastingsbustad for barn 

Spesialiserte langtidsplassar

  • skjerma plassar til personar med demenssjukdom
  • skjerma plassar til personar med psykogeriatriske sjukdommar 

Digitale og tekniske løysingar

  • pasientvarsling med sensorarar
  • lokaliseringsteknologi
  • digitalt tilsyn
  • smartdører
  • smartseng
  • kommunikasjonsplattformer