Kva er folkehelse?
Folkehelse handlar om korleis du og vi alle har det: helse, fråvær av sjukdom, meistring, trivsel og livskvalitet. Det handlar om korleis befolkninga sin helsetilstand er, og korleis helsa er fordelt i befolkninga.
Korleis skape god folkehelse?
Grunnlaget for helsa vår vert lagt i dei daglege rutinane i heim, barnehage, skule, arbeid og fritid. I tillegg kjem strukturane i lokalmiljøet, med til dømes gang- og sykkelvegar, gode møteplassar, samferdsel, helseteneste, idrettsanlegg, kulturaktivitetar, tilgang til friområde og friluftsliv. Det er derfor viktig at folkehelseperspektivet vert ivareteke i alle sektorar.
Klikk her for å lese kva Helsedirektoratet seier om folkehelse.
Korleis er folkehelsa i Herøy?
Folkehelseinstituttet utarbeider kvart år ein folkehelseprofil og oppvekstprofil med oversikt over helsetilstanden for befolkninga i kommunen. Profilarr for 2025 og framover vil bli publisert av og frå Helsedirektoratet.
Her kan du hente folkehelseprofilane for Herøy kommune.
Folkehelseoversikta blir revidert om lag kvart fjerde år. Ny folkehelseoversikt er under utarbeiding.
Korleis jobbar kommunen for å bidra til god folkehelse?
Herøy kommune jobbar langsiktig og heilskapleg for å fremje god helse og livskvalitet for innbyggjarane.
Planlegging er eit av dei viktigaste verkemiddela kommunen har for å bidra til god folkehelse. Plan- og bygningslova og folkehelselova krev at all planlegging skal fremje befolkninga si helse og motverke sosiale helseforskjellar.
Vi har innarbeidd folkehelse i kommuneplanen sin samfunnsdel. Det blir kontinuerleg jobba for at folkehelseperspektivet skal vere godt innarbeidd i andre tema og sektorplanar.
Folkehelsearbeidet har parallellar til berekraftsarbeidet. Utgangspunktet er at innsatsen for betre folkehelse og utjamning av sosiale helseforskjellar i helse må løysast på tvers av alle sektorar og nivå.
Kommunen har inngått ein samarbeidsavtale med Møre og Romsdal fylkeskommune. Avtalen skal medverke til ei samfunnsutvikling som fremmar folkehelse og utjamnar sosiale helseforskjellar. Den fastsett mål og strategiar for folkehelsearbeidet, med utgangspunkt i kommunen sitt utfordringsbilete.