Familieterapeut

Familieterapeut

Kanskje er det noko heime som er vanskeleg? Kanskje kjennar du deg einsam, annleis eller rar? Kanskje er du mor eller far og strevar med den utfordrande foreldrerolla? Du er bekymra for bornet/ungdommen din, kanskje de kranglar om innetider, lekser, pc-bruk eller liknande? Har du ein jobb der du møter dei som har desse eller liknande utfordringar?

Om tenesta

Familieterapeuten er eit lågterskeltilbod som skal bidra til å betre oppvekstvilkåra for born, unge og familiar. Lågterskeltiltaka som blir gitt frå familieterapeuten skal ikkje erstatte andre lovpålagte tenestene.

Familieterapeuten skal gje tilbod slik at fleire i ein familie kan få hjelp samstundes. Utgangspunktet er ein tankegang om at alle blir påverka dersom eitt familiemedlem opplever utfordringar i livet. Familieterapeuten har blikk for familien som system, og kunnskap som gjer at ein kan arbeide med ein person åleine eller med familien og nettverket saman. Alt med utgangspunkt i familien sitt behov.

 

Målgruppe

Barne- og ungdomsfamilier (0-18 år) som opplever utfordringa med:

  • Samspel
  • Kommunikasjon
  • Krangling og konfliktar, i heimen eller med andre
  • Skule
  • Sosialt
  • Relasjonar
  • Førstegongsforeldre som skal omstille seg til og ta ansvar og omsorg
  • Born som strevar med å handtere to heimar etter samlivsbrot
  • Foreldresamarbeid mellom eks-partnarar
  • Utfordringar med dine, mine og våre born
  • Konfliktar mellom ulike kulturar
  • Sjukdom og tap
  • Foresatte som ønsker støtte i det å være foreldre
  • Familier som er i vanskelige livssituasjoner som for eksempel ved samlivsbrudd, dødsfall og fysisk/psykisk sjukdom
  • Familier som har utvikla negative samspelsmønstre over tid

Arbeidsmetodar:

  • Fokus på born og ungdom sitt perspektiv og deira stemme
  • Familiesamtalar, også med utvida nettverk
  • Individuelle samtalar
  • Psykologisk førstehjelp til born og unge
  • Tverrfagleg samarbeid med aktuelle samarbeidspartnarar og kan formidle kontakt med andre hjelpeinstansar ved behov
  • Familieterapeuten kan for eksempel tilby samtaler på kontoret, i barnehagen, skulen eller heime. Dette avtalast mellom partane

Kva kan du forvente av oss?

Vi vil at igangsette tiltaket skal opplevast som eit samarbeid mellom terapeuten og deg som mottek tiltaket.

Familieterapeuten vil sikre barn og unge sin medverknad og stemme inni arbeidet med familien.

Ein kan forvente at det blir sett opp 2-5 kontaktpunkt der familieterapeuten i samarbeid med familien kartlegg situasjonen, jobbar fram moglege løysingar saman, og eventuelt viser vegen vidare til andre instansar.

 

Kva ventar vi av deg?

Dersom du og familien skal ha tenesta er det viktig at alle i familien er motivert for arbeidet.

Korleis søker du?

Søknaden leverast av deg som privatperson eller offentleg instans i eige elektronisk skjema.

Kva kostar tenesta?

Tenesta er gratis.

Korleis kome i kontakt med familieterapeuten?

Familieterapeuten vil ha telefontid i første omgong to gongar i veka. Dette vil vere måndagar og onsdagar, 13.00-15.00.

Du kan ringe for å drøfte saka/familien eller situasjonen du sjølv står overfor. Ein vil kunne snakke saman om det er hensiktsmessig å gå vidare med ein søknad eller om det er andre aktuelle instansar ein heller skal ta kontakt med.

Søknader vil verte vurdert av familieterapeut i samarbeid med fagleiar og barnevernsleiar kvar måndag morgon.

Kontakt

Janne-Katrin Hansen Sævik
familieterapeut
E-post
Mobil 97 70 21 09