Barnevern

Barnevern

Barneverntenesta skal sikre at barn og unge som lever under forhold som kan skade deira helse og utvikling får naudsynt hjelp, slik dei kan få omsorg og trygge oppvekstvilkår. Barn som av ulike årsakar har utrygge oppvekstvilkår, og derfor står i fare for å få ei skadeleg helse og/eller utvikling, kan ha rett på tiltak etter barnevernlova.

Dette gjeld alle barn (0-18 år) i Herøy kommune, samt ettervern i alderen 18-25 år. Ettervern er tilgjengeleg for dei som har hatt tiltak i barneverntenesta før dei fylte 18år, og som har behov for vidare oppfylging.

Drøfte ei sak med barnevernet

Dersom du som privatperson eller offentleg tilsett tek kontakt angåande eit barn som ikkje har tiltak i barneverntenesta, eller du ikkje kjenner til kven som er sakshandamar, kan du kontakte fagleiar.

Dersom du veit kven du vil snakke med finn du øvrige tilsette i liste under.

Rettleiing frå barnevernet

Barneverntenesta har ei generell rettleiingsplikt, som gjeld rettleiing til alle i kommunen. Dette kan være private personar som ber om rettleiing i einskilde situasjonar for eigne eller andre barn, og det kan være tverrfaglege samarbeidspartar som ber om rettleiing der ein er bekymra for eit barn utan at opplysingsplikta er utløyst. Slik rettleiing krev ikkje vedtak eller undersøking, og vert heller ikkje journalført med mindre det kjem fram bekymringsfulle opplysingar som gjer at barneverntenesta sjølv ser behov for å registrere det som melding.

 

Melde uro til barnevernet

For at barneverntenesta skal være i stand til å gjere ei god meldingsvurdering er det viktig at opplysingane i meldinga er så utfyllande, konkrete og ærlege som mogleg. Dette gjeld uansett om du er offentleg eller privat meldar. Dersom du er privat part og ynskjer å søke om hjelpetiltak for deg sjølv/ditt barn, så skriv du i meldinga at du sjølv søkjer om tiltak.

 

Barnevernvakta

Ved behov for akutt bistand, kontakt barnevernvakta: 91576020 eller 116 111. Vakta er døgnbemanna alle dagar.

Meldingsskjema for private og offentlege instansar:

Privat meldar

Om du er uroa for om eit barn får god nok omsorg, bør du melde frå til barnevernet.

Du treng ikkje være sikker på at noko er galt før du melder frå. Når du har sagt frå, er det er barnevernet sin jobb å vurdere korleis meldinga skal fylgjast opp. Dei aller fleste som får hjelp av barnevernet, får hjelpa heime. Omsorgsovertaking skjer berre i de mest alvorlege tilfella.

https://bekymringsmelding.fiks.ks.no/ (for privatpersonar)

Vi oppmodar til at du brukar det digitale skjemaet for sikker og effektiv innmelding til barnevernstenesta. Dersom du ikkje har moglegheit til å bruke det digitale skjemaet, eller dersom du vil være anonym overfor barnevernet, kan du nytte dette meldingsskjemaet, du fyller ut og sender til barneverntenesta i kommunen. NB: Dette skjemaet må sendes i posten og ikkje via e-post.

Offentleg meldar

Alle offentleg tilsette og ei rekke yrkesutøvarar som arbeidar i det private, har plikt til å melde frå til barnevernet i kommunen ved alvorleg uro for eit barn. Denne opplysningsplikta trer inn fyrst i dei meir alvorlege tilfella, når det er grunn til å tru at eit barn vert mishandla eller utsett for andre formar for alvorleg omsorgssvikt, eller når eit barn har vist vedvarande alvorlege åtferdsvanskar.

Dersom meldeplikta ikkje er innfridd må du ha samtykke frå partane i saka (føresette og barn over 15år). Det er ikkje tilstrekkeleg å informere om at meldinga vert sendt, familien skal ha informasjon om kva som står i meldinga, og samtykke til at du deler denne informasjonen med barneverntenesta.

Nytt lenkje til digitalt skjema for bekymringsmelding  (for offentleg tilsette og fagpersonar med meldeplikt). Vi vil handsame meldingar så snart som råd, og du vil få tilbakemelding innan 3 veker.

Prosessen i ei barnevernsak

Når barnevernstenesta får inn ei bekymringsmelding eller ein søknad om hjelpetiltak vert det vurdert om det er grunnlag for å starte undersøking (barnevernlova §4-3). Barneverntenesta har 7 dagar frist å gå gjennom meldinga og vurdere om den skal leggast vekk eller undersøkast, og skal gi tilbakemelding til meldar innan 3 veker. Dette gjeld ikkje dersom meldar er anonym. Privat meldar får berre tilbakemelding om at meldinga er motteken, mens offentleg meldar i tillegg får tilbakemelding om konklusjon på meldingsgjennomgangen.

Meldinga vert lagt vekk

Dette vert ikkje rekna som eit enkeltvedtak, og kan ikkje påklagast, men ein kan melde på nytt. Det vil i så tilfelle vurderast på nytt, men om vurderinga skal endrast bør den nye meldinga innehalde nye opplysingar som gir grunnlag for undersøking.

Når barnevernstenesta legg vekk ei melding er det ofte ein av to grunnar:

  1. Ein vurderer at det ikkje er grunnlag for undersøking
    • Det kan være at innhaldet i meldinga er av ein slik art at det ikkje vert vurdert som naudsynt å undersøke. Derfor er det viktig at meldinga er skriven på ein slik måte at det vert tydeleg for barneverntenesta kva du er bekymra for.
  2. Forholdet fell utanfor barnevernlova. I slike tilfelle vil barneverntenesta råde vedkomande om å ta kontakt med rett instans, for eksempel:
    • Forhold som gjeld avtalar om samvær eller anna samarbeid ved skilsmisse, som høyrer til under familievern og lov om barn og foreldre
    • Forhold som gjeld skule og lærevanskar, som høyrer til under skule/PPT og opplæringslova
    • Forhold som gjeld helseutfordringar, som høyrer til under ein av dei mange helseinstansane og lov om helse- og omsorgstenester
Meldinga vert konkludert med undersøking

Barneverntenesta tek då kontakt med familien, både føresette og born, og høyrer deira innspel til det som vert skrive i melding/søknad. Familien vil få lese bekymringsmeldinga i si heilheit. Barneverntenesta er opptatt av open og ærleg dialog, og vil arbeide for at den saka gjeld skal kunne kome med viktige innspel kring både utfordringar og ressursar/moglegheiter. Saman med familien planlegg barneverntenesta korleis undersøkinga skal gjennomførast, kven som kan gi nyttig informasjon, kva ein ynskjer å finne ut, og så vidare.

 Barneverntenesta har 3 månadars frist til å fullføre undersøkinga (i særskilte tilfelle kan denne fristen utvidast til 6 månadar). Når undersøkinga er fullført vil barneverntenesta, i samarbeid med familien, vurdere om det er grunnlag for å setje i verk hjelpetiltak.

Tiltak frå barneverntenesta

Dei aller fleste tiltaka i barneverntenesta er frivillige hjelpetiltak i heimen som tenesta kjem fram til i samarbeid med familien. Dette er tiltak som skal hjelpe barn til å få ei positiv endring i sin heime-/omsorgssituasjon, og sikre at dei er trygge og ivaretatt. Dersom dette ikkje er mogleg å oppnå gjennom frivillige tiltak kan barneverntenesta pålegge hjelpetiltak eller vurdere midlertidig plassering i fosterheim eller institusjon. For at barneverntenesta skal kunne pålegge tiltak eller vurdere plassering utan samtykke må det være alvorleg akutt eller vedvarande bekymringsfulle forhold i heimen.

Avslutting av hjelpetiltak

Når barneverntenesta avsluttar hjelpetiltak er det ofte ein av tre årsakar:

  • Tiltaka fungerer ikkje, og er derfor ikkje hensiktsmessige. Det kan for eksempel være fordi familien ikkje er mottakeleg eller fordi tiltaket ein har valt ikkje treff utfordringa som planlagt.
  • Måla i tiltaksplanen er nådd, og det er ikkje lenger behov for tiltak
  • Familien har rett på tiltak etter anna lovverk, og er vist til rett instans

Du finn oss her:

Du finn barnevernet i helsesenteret på Eggesbønes, inngang avdeling barn, familie og helse.

Video:

Nyttige lenke:

 

Kontaktinformasjon:

Postadresse: Eggesbøvegen 11, 6092 Fosnavåg

Sikker digital post: https://svarut.ks.no/edialog/mottaker/987590017

Kontakt

Christine Riise Øvrelid
seksjonsleiar barnevern
E-post
Mobil 90 64 75 60
Anita Solvang Ristesund
fagleiar
E-post
Mobil 48 89 29 89
Ida Cathrin Moltumyr
barnevernkonsulent
E-post
Telefon 48 89 29 92
Mobil 48 89 29 92
Kaja Husøy Ingebrigtsen
barnevernkonsulent
E-post
Mobil 48 89 29 91
Elselill Bjåstad
barnevernkonsulent
E-post
Mobil 95 45 86 73
Gry Tone Sandhaug
barnevernkonsulent
E-post
Mobil 91 11 14 72