Skøyte

Skøyte

Herøy kommune har ikkje ansvar for å rettleie i korleis skjema skal fyllast ut eller om skjemaet er korrekt utfylt.  Dette ansvaret ligger hos Statens kartverk. 

Kommunen si rolle

 Før du sender inn skøyte er det viktig at du sjekker om det er konsesjonsplikt eller konsesjonsfridom for eigedomen.

 For eigendomar som er konsesjonspliktige må ny eiger søkje konsesjon for å kunne ta over eigedomen. Søknaden sendast til kommunen som avgjer søknaden. Når søknaden er avgjort kan skøyte fyllast ut og sendast inn. Les om konsesjon på vår nettside. 

 Er det konsesjonsfridom skal skjema fyllast ut og sendast kommunen for registering. Les meir om konsesjonsfridom på nettsida.

 Skøyte og utfylling/rettleiing:

 Det er fleire måtar du kan få hjelp:

1.     Skriftleg rettleiing finn du ved å gå til kartverket si nettside.

2.     Ring 32 11 80 00 (mellom 09.00-15.00).

3.     Send e-post: tinglysning@kartverket.no.

4.     Chat (knappen finner du på skjemasida). 

Her kan du laste ned skøyte.

Når skøyte er ferdig utfylt må du sende det i to (2) eksemplar til adressa :

Kartverket Tinglysing
Postboks 600 Sentrum
3507 Hønefoss

Merk deg at skøyte som vert sendt inn skal vere heilt like. Det eine eksemplaret blir arkivert hos Kartverket, og det andre blir sendt tilbake til deg når det er ferdig tinglyst.