For å rette opp eller flytte grense mellom eigedomar, kan man foreta ei grensejustering. Av hensyn til matrikkellova § 16 og matrikkelforskrifta § 34, kan bare mindre areal overførast mellom dei aktuelle einingane.
Vilkår for grensejustering:
- Areal mellom to eigedommar kan aukast eller redusere med inntil 5 prosent av minste eigedom,
- Maksimalt areal som kan justere er 500m2
- Ingen av eigedommane kan gi frå seg eit areal som overstiger 20 % av eigedommen sitt areal før justeringa. Altså kan 80 % av eigedommens areal ikkje være berørt av justeringa.
- Eigedommanes verdi kan ikkje reduserast eller aukast med meir enn folketrygdens grunnbeløp (1 G).
Ved større areal endringar (over 5% eller over 500m2) blir det frådeling som følge av samanføying( tillegsareal), eller ved arealoverføring. Les meir om arealoverføring her.
Om arealet overstiger grenseverdiane, må det søkjast om deling eller arealoverføring (PDF, 340 kB).
Ved ulike planformer på omsøkt areal må det søkast om dispensasjon.
Kven kan få tenesta?
Grensejustering kan rekvirerast av heimelshavar, festar, advokatar, kommune, fylkeskommune, stat eller andre som har fullmakt, jf. matrikkellova § 9.
Om det er eit firma som er eigar av eigedom, så kan personar med signaturrett i samsvar med firmaattest rekvirere klarlegging av eksisterande grense.
Kva kan du forvente?
Du kan forvente at saka di vert handsama etter gjeldande lovverk utan usakleg forskjellsbehandling.
Kva kostar det?
Prisane finn du her. (PDF, 71 kB)
Korleis får du tenesta/korleis søkjer du?
Rekvirent skal bruke et egent skjema som heiter : «Søknad om deling og eller rekvisisjon av oppmålingsforretning».
Du må legge ved:
Søknaden med vedlegg kan sendast via e-post til postmottak@heroy.kommune.no, via post til adresse: Herøy kommune, Postboks 274, 6099 Fosnavåg eller levere på Servicetorget på Rådhuset.
Saksgang:
- Når kommunen har mottatt søknad med dokumentasjon, så kommunen arkiverer den i sitt saksystem.
- Landmålar sender så ut varsel om oppmålingsforretning med tidspunkt til alle aktuelle partane i forretning. Kommunen sender ut varsel minimum 2 veke før oppmålingsforretning.
- Landmåler held oppmålingsforretning. Eksisterande/gjernefunnet grenser blir målt inn på nytt, og eventuelt markert på nytt.
- Dersom ein møter på oppmålingsforretning på vegne av nokon som er part i saka, må disse ta med utfylt fullmakt skjema, som er sendt samen med varsel.
- Landmåler skriver i protokoll kva som er klarlagt og avtalt på oppmålingsforretning.
- Matrikkelførar registrere grensene og nye grensepunktane i matrikkel (offisielt register for eigedom)
- Grensejustering blir ikkje tinglyst i grunnboka
- Kommune sender nytt matrikkelbrev med alle nødvendig dokumentasjon til rekvirent og partane
Saksbehandlingstid for oppmålingsforretning er inntil 16 veker.
Kan eg klage?
Ja, alle partane blir informert om klagefristen. Klagefristen er tre veke frå mottak brevet.
Etter matrikkellov §46a, partane kan klagast på matrikkelføringa i det digitale eigedomskartet under dette feil ved varslinga eller utføringa av forretninga.
Klaga skal være underteikna, nemne kva det klagas over, bør grunngjevast og skal innehalde kva for endringar som ynskjast jf. Forvaltningslova §32.
Klaga sendast via e-post til postmottak@heroy.kommune.no, via posten til adresse: Herøy kommune, Postboks 274, 6099 Fosnavåg eller til Utviklingsavdelinga i Herøy Kommune.
Klager som ikkje avvisast eller tas til følje hjå kommunen, vil bli over sendt Statsforvaltaren i Møre og Romsdal for endeleg klagehandsaming.
Lovhenvisning :
Matrikkellov §16
Matrikkelforskriften §34
Sjå også:
Sunnmørskart
Min eigedom
E-torg