Deling av eigedomNår du skal søke om å opprette ein ny eigedom eller dele frå ein eigedom er det viktig at vi får all den informasjonen vi treng for å handsame søknaden dinSlik søkjer duTeikn inn på kart i målestokk 1:500 eller 1:1000 slik som du tenker at den nye tomta skal sjå ut. Du kan frådele fleire parsellar samstundes. Det er viktig at du målsetjer godt og merkar dei med parsell 1,2 osv.Du kan bestille kart her. Fyll ut skjema Oppmålingsforretning - Søknadspliktige tiltak (PDF, 340 kB)Sjekk kva status eigedomen har i kommuneplan/reguleringsplan. Det er viktig at dersom du skal dele frå ei tomt at den er avsett til formålet den er tenkt nytta til i PlanarkivDersom den ikkje er det, må du søke om dispensasjon (PDF, 343 kB) .Det er grunneigar som kan søke om frådeling. Dersom nokon annan skal søke må dei ha fullmakt frå grunneigar. Naboar og gjenbuarar må ha nabovarsel. Naboar er eigarar/festarar av eigedom som grensar til eigedomen din. Gjenbuar er eigar/festar av eigedom på andre sida av vegen.Naboliste kan du bestille her. Kva kostar det?Prisane finn du her. (PDF, 287 kB) Søknaden kan sendast til postmottak@heroy.kommune.noeller til Herøy kommune, Postboks 274, 6099 Fosnavåg Publisert 21.05.2024 10:37 Sist endra 21.05.2024 10:37