Bakgrunnen for byutviklingsprosjektet
Herøy kommune vedtok i 2014 å delta i Fylkeskommunen sitt tettstadsprogram, og som en del av tettstadsprogrammet gjennomførte Herøy kommune eit parallelloppdrag første halvår av 2015. Tverrfaglege arkitektgrupper gav gode innspel til korleis Fosnavåg sentrum kan utviklast som ein attraktivt berekraftig stad. Fosnavåg har, som ein del av ei sterk maritim klyngje, alle føresetnadar for å vere det maritime kommunesenteret der berekraftige og innovative løysingar vert lyfta fram.
Herøy kommune ynskjer at Fosnavåg skal vere det naturlege senteret som vert nytta aktivt av både innbyggjarar, arbeidande og besøkjande. Vi ynskjer å legge til rette for auke tal på innbyggjarar i Fosnavåg sentrum og i kommunen samla sett. Vi ynskjer også å auke antal besøkjande gjennom heile året. For å løyse dette må vi skape eit attraktivt sentrum for alle med gode møteplassar og gje folk ein grunn til å kome til Fosnavåg for både handel og oppleving.
Herøy kommune ynskjer å følgje opp sluttrapporten frå parallelloppdraget «Byutviklingsprosjekt for Fosnavåg», heretter kalt sluttrapporten, og «Sentrumsvisjon – bærekraftig sentrumsutvikling Fosnavåg», heretter kalt sentrumsvisjonen. Sluttrapporten og sentrumsvisjonen finn du nedst på sida.
Utviklingsplan for Fosnavåg sentrum er godkjent!
Kommunestyret vedtok 26.09.2024 at utviklingsplanen for Fosnavåg sentrum skal vere styringsdokument for utviklinga av Fosnavåg sentrum. Kommunestyret har bedt kommunedirketøren om å starte opp følgjande prosjekt:
- områderegulering av Fosnavåg sentrum.
- søkje fylkeskommunen om midlar til ein sentrumskoordinator, og sikre restfinansiering frå næringslivet.
- arbeide vidare med å etablere ein samarbeidsavtale/ei arbeidsgruppe mellom Herøy kommune, Møre og Romsdal fylkeskommune, Herøy næringsforum, Fosnavåg handelsforeining og Herøy ungdomsråd for å fylje opp og vidareutvikle Utviklingsplan for Fosnavåg sentrum.
- innføre korttidsparkering i sentrum med tilhøyrande skiltplan og søkje om å bli parkeringskommune.
- søkje fylkeskommunen om å sette ned fartsgrensa i alle sentrumsgater, på fylkesveg 654/5878 gjennom sentrum, eventuelt berre mellom Hennabakken og Kleivaneset, og i sentrumsnære bustadområde.
- lage ein forvaltningsplan for Gjerdet for å utløyse midlar frå fylke og stat for å ivareta kulturminna og utvikle området til Gjerdet friluftsmuseum på sikt.
- Kommunestyret viser til Råd for menneske med nedsett funksjonsevne til tilråding og inviterer dei til å vere med i arbeidsgruppe for Utviklingsplan.
Områderegulering av Fosnavåg sentrum
Kommunedirektøren har starta det administrative arbeidet med å strate områderegulering av Fosnavåg sentrum.
Kommunen lyste ut minikonkurranse for å velje ut ein plankonsulent i november, men måtte avlyse konkurransen då det var for stort avvik mellom estimert budsjett og krava i konkurransen. Antal utgreiingar gjorde at planfirma estimerte kostnadane til over 2millionar og såleis over det kommunen har som budsjett for planarbeidet. Vi har derfor samarbeida med AS Civitas og nedskalert konkurransegrunnlaget og antal utgreiingar i planarbeidet. Vi har måtte teke ut alt som var «nyttig å ha» og kun teke med det som var «pålagt» av utgreiingar. Vi har også gått ei ny runde for å avklare kva som ville utløyse krav om Konsekvensutgreiing(KU). Konsekvensutgreiinga etter plan- og bygningslova er svært omfattande og kostbart så det har også vore eit spørsmål om kommunen har finansiering til å gjennomføre planarbeidet dersom det blir krav om KU i planarbeidet. Saman med AS Civitas har vi kome til at det er kun krav om KU dersom det vert planlagt djupvasskai i Fosnavåg. Vi har derfor teke med utgreiingar knytt til djupvasskai som opsjon i planarbeidet som kan bli utløyst.
Vi har lyst ut ny konkurranse der vi estimerer planarbeidet til å vere under 1.3mill. utan konsekvensutgreiing og håper vi får inn gode tilbod. Fristen for tilbod er 11.04.2025.
Planprogrammet for arbeidet vart stadfesta av utval for samfunnsutvikling 02.04.2025, sak 31/25. Rammene for kva som skal utgreiiast er såleis vedteke.
Etter planprogrammet er stadfesta hadde vi eit ynskje om at plankonsulentane var på plass og kunne starte arbeidet med å gjere utgreiingar og lage klart forslag til områdereguleringsplan, men som de las over så er vi på etterskot og plankonsulentane er på plass tidlegast i veke 17 (veka etter påske).
Som de kan sjå på utsnittet under så vil vi etter møtet i utval for samfunnsutvikling vere ferdig med 1.boks (planoppstart og planprogram) og skal til på den som er i midten(utredning og planforslag). Det er denne fasen som er den absolutt mest tidkrevjande som plankonsulentane skal bidra på. I konkurransegrunnlaget står det at vi ynskjer leveranse av komplett områdereguleringsplan i februar 2026 med kontrakstinngåing april 2025.
Figur som viser planprosessen frå oppstart til slutthandsaming
Dokument for om byutvikling:
Du kan også lese meir om arbeidet med byutvikling i Fosnavåg i arkivet til kommunen.