Har du barn mellom 0 og 12 år?

Byggegrense langs offentleg veg

Byggegrense langs offentleg veg

Når du skal bygge noko er det reglar for kor langt du skal vere frå offentleg veg. Du har sjølv ansvar for å sette deg inn i reglane som gjeld for det område du skal bygge noko.

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan ha utdatert informasjon.

I område med reguleringsplan:

Bur du i eit område der det er utarbeida ein reguleringsplan vil planen vise kva byggegrenser som gjeld.

Der det ikkje er reguleringsplan, gjeld følgande reglar:

Kommuneveg

Bur du ved ein kommuneveg skal du bygge minimum 15 meter frå midtlina av vegen.

Fylkesveg

Bur du ved ein fylkesveg skal du bygge minimum 50 meter frå midtlina av vegen. Ønskjer du likevel å bygge nærmare vegen kan du søkje om dispensasjon. Dette gjer du i eige skjema. (PDF, 39 kB) 

Meir informasjon finn du i veglova.