FeiingFeiing er behovsbasert og feieintervallet vert tilpassa til ditt fyringsanlegg og til ditt bruk. Den faglege vurderinga på kor ofte din skorstein har behov for feiing vert gjort ved bustadtilsynet.Forskrift om brannførebygging frå 1. januar 2016 seier at kommunen skal feie og føre tilsyn med fyringsanlegg ved behov. Det vil seie at dei gamle intervalla for feiing ikkje gjeld lenger. Kva må eg gjere før feiaren kjem?gi beskjed til alle i bustaden om at feiaren kjemikkje fyre i eldstadene under feiingstenge alle omnsdører, luker og spjeld for å unngå sotskadealle feie- og sotluker må vere tilgjengelegelegge fram stige slik at vi ser at du har mottatt varselet om feiingsørge for at tilkomsten er i forskriftmessig standKva må eg gjere etter at feiaren er ferdig?Etter at skorsteinen er feia, vil feiaren fjerne sot frå sotluka dersom du er heime. Viss du ikkje er heime må du sjølv fjerne sot frå sotluka før du fyrer opp.Kontakte feiarenVil du snakke med feiaren kan du ringe feiaren. Publisert 04.07.2018 14:56 Sist endra 22.07.2024 11:31