Delta i høyringa om skulestruktur

Brannsløkkar i heimen

Brannsløkkar i heimen

Alle bustadar skal ha sløkkeutstyr som husbrannslange eller brannsløkker lett tilgjengeleg. Dei vanlegaste brannsløkkingsapparata er skum og pulver. Begge dei to apparata er godkjente som sløkkjeutstyr.

Pulverapparat

Eit pulverapparat inneheld eit fint pulver som legg seg over og kvelar flammane.

Skumapparat

Eit skumapparat inneheld skum som kvelar og kjølar ned brannen.

Skumapparat må du lagre frostfritt, mens pulverapparata ikkje treng det. Dette er noko du må tenkje på når du for eksempel kjøper brannsløkker til hytta.

Er brannsløkkjaren din i orden?

Både skum- og pulverapparata trenger eit visst trykk for å fungere. Sjekk difor at pila på trykkmålaren står på grønt. Plomberinga, eller splinten, skal ikkje vere fjerna. For å unngå at innhaldet i pulverapparatet klumpar seg, bør man snu apparatet opp/ned med jamne mellomrom. Apparatet bør lagrast ståande, på ein stad kor du raskt kan få tak i det.

Krav til brannsløkkjar:

  •  Alle bustader skal ha sløkkeutstyr som husbrannslange (diameter minst 10mm fast tilkoba vannforsyning), eller brannsløkkingsapparata med skum eller pulver.
  • Om du har pulverapparat som einaste sløkkjeutstyr må dette vere på minst 6 kilo med ABC-pulver.
  • Om eit skumapparat er det einaste sløkkjeutstyret du har i bustaden din, må dette vere på minimum 6 liter med effektivitetsklasse på minst 21 A. (Dette skal stå skrive på apparatet.)
  • Skum – og pulversløkkjar som seljast på markedet skal vere testa og godkjent. I tillegg skal dei vere raude.