Delta i høyringa om skulestruktur

PPT i vidaregåande

PPT i vidaregåande

PPT for Herøy er eit gjennomgåande, kommunalt pp-kontor som leverer tenester til Herøy vidaregåande skule avd. Fosnavåg og avd. Vanylven. Tenesta omfattar også råd, rettleiing og sakkunnig arbeid i høve lærlingar og lærekandidatar under opplæring i bedrift.

Pedagogisk- psykologisk teneste for vidaregåande opplæring

PPT sitt arbeid i vidaregåande opplæring er heimla i opplæringslova kapittel 5 og skal hjelpe skulen i arbeidet med kompetanseutvikling og organisasjonsutvkling for å leggje opplæringa betre til rette for elevar med særlege behov, samt utarbeide sakkunnig vurdering før enkeltvedtak om spesialundervisning. PPT har særleg fokus på tett samarbeid med skulane for at elevane skal få tilpassing av undervisninga ut frå vanskar og føresetnader.

Vi deltek og i tverrfagleg samarbeid i ressursteamet ved skulen, og kan delta i tverretatleg samarbeid rundt enkeltelevar. Elevar eller lærlingar/lærekandidatar med behov for samtale, råd eller utgreiing av læreutfordringar kan og få avtale med ein pp-rådgjevar.

Kven kan få tenesta?

Elevar og lærlingar i vidaregåande opplæring, anten skule eller bedrift, kan nytte seg av tenesta.

Herøy vidaregåande skule har ein utarbeida handlingsplan for samarbeidet med PPT for Herøy, som sørgjer for at tenesta skal vere tilgjengeleg også for skulen og dei tilsette.

Korleis får du tenesta?

Tilvising vert fortrinnsvis gjort gjennom skule eller opplæringskontor, som legg ved nødvendig informasjon og dokumentasjon. Ein kan og ta kontakt sjølv og fylle ut tilvisingsskjema på Møre og Romsdal fylkeskommune sin nettstad og sende til PPT for Herøy.

Kva kan du forvente?

Vi vil ta kontakt med tilvisar så snart som råd og gjere avtale for oppfølging av saka vidare, anten det gjeld ei enkeltsak eller systemsak ved skulen. Sakkunnige vurderingar vil verte utarbeida innan gjeldande fristar.

Kva kostar det?

Tenesta er gratis.

Nyttige lenker:

Besøksadresse:

Rådhusgata 7