Er du den nye rektoren ved Ytre Herøy ungdomsskule?

Byte av skule

Byte av skule

Kommunestyret har fastsett krinsgrenser for dei ulike skulane, seinast då nytt kart for skulestruktur vart vedteke i 2009. I tillegg til å fastsetje krinsgrensene, står det også eit eige punkt om Bergsøy: Sitat: ”Endring av krinsgrenser i høve elevar på indre Bergsøy, vert å vurdere seinare i samband med utvikling av utbyggingsområda og kapasitet ved Bergsøy skule”. Formannsskapet handsama retningsliner for krinsgrenser og skuleval i sak 248/10.

Formannsskapet gjorde slikt vedtak:

1. Vedteken forskrift om kva for skule dei ulike områda i kommunen soknar til, skal fortsatt vere gjeldande. 

2. Elevar kan etter søknad takast inn ved annan skule i tråd med opplæringslova, forvaltningslova og kommunale retningsliner.

 

Retningslinene er som følgjer:

1. Kommunen sine vedtekne krinsgrenser er eit overordna prinsipp. 

2. I visse høve kan ein opne for dispensasjon og innfri byte av skule, t.d. ved at foreldre skal flytte til/frå ny skulekrins innanfor eit skuleår.

3. Dersom det ligg føre særleg tungtvegande grunnar, med sakkunnig uttale, kan ein elev flyttast til ein annan skule.

4. Byte av skule til ein skule lenger unna enn nærskulen, gir ikkje rett til gratis skuleskyss. Kommunen sitt skyssreglement er fundamentert på kommunen si forskrift om krinsgrenser. 

5. Handsaming av søknad om byte av skule vert gjort som enkeltvedtak, med klagerett etter forvaltningslova. 

 

Januar 2012, revidert og kontrollert januar 2022