Har du barn mellom 0 og 12 år?

Elevpermisjon

Elevpermisjon

Rutine for handsaming av elevpermisjonar/ekstra fridagar

Grunnleggjande premiss for læring

Elevane har 190 skuledagar i året der det er avgjerande for deira og gruppa si læring, at dei er til stades og deltakande i undervisninga. Då står det att 175 dagar i året til feriar og anna ikkje opplæringsretta aktivitet.

Opplæringslova §2-11 (om permisjon frå den pliktige opplæringa) seier at skulen ved søknad frå foreldre, og etter vurdering av kva som er forsvarleg, kan gi permisjon frå opplæringa inntil 10 dagar pr. år.

Permisjonsstadfestinga i opplæringslova

Permisjonsstadfestinga i opplæringslova §2-11 er delt i to ledd. Første ledd omfattar permisjonar eleven ikkje har krav på, og andre ledd permisjonar eleven etter søknad har krav på.

Permisjon eleven har krav på

Uavhengig av om det er forsvarleg etter opplæringslova §2-11 første ledd, har medlemmar av trussamfunn utanfor Den norske kyrkja, etter søknad rett til permisjon på sitt trussamfunn sine helgedagar. 

Det er regulert i §2-11 andre ledd: «Elevar som høyrer til eit trussamfunn utanfor Den norske kyrkja, har etter søknad rett til å vere borte frå skulen dei dagane trussamfunnet deira har helgedag. Det er eit vilkår for retten at foreldre sørgjer for undervisning i permisjonstida, slik at eleven kan følgje med i den allmenne undervisninga etter at permisjonstida er ute».

Permisjonar eleven ikkje har krav på

For elevar som ikkje er omfatta av opplæringslova §2-11 andre ledd, gjeld berre første ledd: «Når det er forsvarleg kan kommunen etter søknad gje den einskilde elev permisjon i inntil to veker».

Skulen skal gjere ei todelt vurdering

  1. Skulen skal først vurdere om søknaden er omfatta av permisjon eleven har krav på. Dersom søknaden ikkje er innafor, skal søknaden avvisast.
  2. Dersom permisjonssøknaden er innafor retningslinene av kva ein kan gi permisjon for, skal skulen ta stilling til om det er forsvarleg å gi eleven permisjon. Det som er forsvarleg for ein elev kan vere uforsvarleg for ein annan. Dersom skulen kjem til at det ikkje er forsvarleg å gi permisjon, skal søknaden avslåast. Det må gjerast ei individuell vurdering av eleven sin opplæring, skulen/klassa sitt undervisningsopplegg i permisjonstida og eleven sin permisjonshistorikk.

Varigheit av permisjon

Opplæringslova si stadfesting om maksimal permisjonstid på to – 2 – veker (10 skuledagar), er ufråvikeleg. Verken rektor, oppvekstadministrasjon eller Statsforvaltaren har høve til å gi elev permisjon i meir enn 2 veker. Dersom ein elev skal ha planlagt fråvere i lengre tidsrom, må eleven skrivast ut frå grunnskulen og foreldra ta fullt opplæringsansvar i perioden.

Rektor gjer vedtak

Vedtak om permisjon frå lovpålagd opplæring er einskildvedtak, og vedtaksfullmakta er delegert til rektor ved skulen.

Vurdering av permisjonssøknader

Retningslinene nedanfor seier noko om kva situasjonar skulen kan gi permisjon til, dersom det er forsvarleg, og i kva for situasjonar skulen ikkje kan gi permisjon.

Det skal ikkje gjevast permisjon i periodar med førebuing til, og gjennomføring av

  • statlege kartleggingsprøvar
  • nasjonale prøvar
  • eksamen, munnleg eller skriftleg

Det skal gjevast permisjon til

  • familiehendingar av særleg sorgprega karakter, til dømes dødsfall eller gravferd. Dette gjeld også dagar der det gjennomførast prøver eller førebuing av prøver.

Utanfor periodar med førebuing til og gjennomføring av statlege kartleggingsprøver, nasjonale prøver og eksamen kan det gjevast permisjon

  • når eleven er teken ut til å delta i idrettskonkurranse på nasjonalt eller internasjonalt
    nivå
  • når eleven er teken ut til å delta i kulturarrangement/framføring på nasjonalt eller
    internasjonalt nivå
  • ved viktige familiehendingar i nær familie (dette kan vere dåp/namnefest,
    konfirmasjon, bryllaup eller andre viktige familiehendingar der ein ikkje kan styre dato
    til skulefri periode)
  • ved deltaking i politisk og eller frivillig organisasjonsarbeid.

NB! Det skal normalt ikkje gjevast permisjon siste halvår i 10. trinn.

Forsvarlegheitsvurdering

Permisjon etter desse retningslinene føreset at rektor finn det forsvarleg at eleven er vekke frå skulen i eit kortare tidsrom. 

Ved slik vurdering skal ein ta omsyn til

Lever søknaden i Vigilo

Foreldre kan søkje digitalt i foreldreportalen til Vigilo.

Saka vert handsama digitalt av rektor og dokumenta lagra i Herøy kommune sitt digitale arkiv.