Delta i høyringa om skulestruktur

Er du uroa for eit barn eller ein ungdom?

Er du uroa for eit barn eller ein ungdom?

Vi veit at vaksne som bryr seg om eit barn som har det vanskeleg, kan vere avgjerande for korleis det går med barnet i framtida. Dersom du er bekymra for eit barn eller ungdom, er det viktig at du tek magekjensla på alvor. På denne sida finn de informasjon om kva du kan gjere dersom du kjenner på ei bekymring.

Dersom du er bekymra for alvorleg omsorgssvikt, bør du melde bekymring direkte til politi eller barnevernet. Ved enkelte formar for vald og overgrep har vi ei lovpålagt plikt til å hjelpe (avverjingsplikt). På plikt.no finn du meir informasjon og hjelp til å vurdere om  du kan ha avverjingsplikt etter straffelova.

 

Kva kan du gjere dersom du er bekymra for eit barn eller ein ungdom?

Tørr å bry deg

Om du er bekymra for at eit barn eller ungdom i familien eller i ditt nærmiljø ikkje har det bra, tørr å bry deg. Snakk med barnet og spør korleis det har det. Fortell til dei føresette at du er bekymra, og spør gjerne om det er noko du kan bidra med. Det kan vere noko praktisk i kvardagen eller å tilby støtte til å ta kontakt med hjelpeapparatet i kommunen.

 Ved mistanke om vald, overgrep eller alvorleg omsorgssvikt skal foreldre ikkje kontaktast.

Ta direkte kontakt med barneverntenesta (70058800 / 91576020) og/eller politi (02800)

Dersom du vert avvist av foreldra og fortsatt er uroa for barnet eller ungdommen tek du kontakt med barnevern, helsestasjon, barnehage eller skule. Det skal du også gjere dersom du kvir deg for å ta kontakt med familien direkte.

Barneverntenesta

Dersom det er vanskeleg å ta kontakt med den det gjeld, eller du har ei alvorleg bekymring, er det viktig at du kontaktar barnevernet. Barnevernet har som oppgåve og plikt å sørge for at barn og unge som lev under forhold som kan skade helsa eller utviklinga deira, får naudsynt hjelp, omsorg og beskyttelse.

Dersom du er i tvil på kva du skal gjere, eller ikkje kjenner deg “sikker nok” på om det er grunn til bekymring, bør du uansett kontakte barneverntenesta i kommunen. Der vil du få råd og rettleiing, og dei kan hjelpe deg til å finne ut kva du bør gjere. Det er betre å bry seg for mykje enn for lite.

I konkrete tilfelle har du ei lovpålagd plikt til å hindre at barnet blir utsett for vald eller overgrep.  Les meir om avvergingsplikta.

Ved behov for akutt bistand, kontakt barnevernvakta: 91576020 eller 116 111. Vakta er døgnbemanna alle dagar.

Her finn du informasjon om barnevernet og barnevernsvakta.

Melde frå til barnevernet som privatperson.

Politi

Har du eller nokon du kjenner blitt utsett for noko ulovleg? Eller er du kanskje usikker på om det du har vorte utsett for er ulovleg eller ikkje? Da kan du ta kontakt med politiet for råd og rettleiing. Klikk her for å lese meir om kva politiet kan hjelpe deg med.

Dersom du er bekymra for alvorleg omsorgssvikt, bør du melde bekymring direkte til politi eller barnevernet. Ved enkelte formar for vald og overgrep har vi ei lovpålagt plikt til å hjelpe (avverjingsplikt). På plikt.no finn du meir informasjon og hjelp til å vurdere om  du kan ha avverjingsplikt etter straffelova.


Det lokale politiet finn du i Rådhusgata 7.

Vil du ringe? Telefonnummeret er 02800 og då blir du satt i kontakt med politiet nær deg.

Slettmeg.no

Slettmeg.no er eit gratis råd- og rettleiingsteneste som gjeld krenkingar på internett.

Dinutvei.no

Her finn du kontaktinformasjon til ulike hjelpetilbod ved vald i nære relasjonar, seksuelle overgrep og valdtekt. Du kan blant anna finne ditt lokale krisesenter, NOK-senter og familievernkontor.

Gå til oversikt over hjelpetilbod på dinutvei.no

Oversikt over tenester og tiltak til barn og unge i Herøy kommune

 

Gode råd til vaksne

Gode råd til trenere, instuktørar og leiarar i frivillig sektor
  • Sjå: å bli lagt merke til og hugsa på, blir opplevd som verdifullt. Ha augekontakt, og bruk namnet til barnet med respekt.
  • Lytt: Lytt til kva barnet/ungdommen fortel deg, og anerkjenn barnet/ungdommen si oppleving utan å avbryte eller korrigere. 
  • Gi: Å gi handlar om å vere inkluderande. Sjølv i konkurranseprega aktivitetar er det mogleg å sjå ein styrke i alle. 
  • Forstå: Vis interesse og at du prøver å forstå. Tør å spørre korleis eit barn/ungdom har det- og toler svaret. 
  • Sett grenser: Barn blir trygge når vaksne er trygge og tydelege. Vis omsorg gjennom å sette grenser og vere rettferdig. 
  • Ver ein god rollemodell: Barn/ungdom speglar oss i alt vi gjer. Ver eit raust og inkluderande forbilde som handtera ueinigheit og at nokon er annleis.

Møre og Romsdal idrettskrets sine nettsider er det samla tips, råd og fakta som kan danne grunnlag for arbeidet med tryggleik i idrettslaget. 

Kva signal bør du sjå etter

Barn som igjennom utviklinga er utsett for gjentatte krenkelsar, kan ofte være i "alarmberedskap" heile tida. Det er vanskeleg for barnehjernen å setje saman inntrykk og forstå at fara er over. 

Dei kan verte overaktiverte og oppleve kroppsleg uro, rastlausheit, ha impulsive reaksjonar, være hyperaktive og aggressive. Andre barn kan bli underaktiverte, og bli passive, likegyldige og følelsesmessig lite til stades. 

Under ser du ei liste over korleis born kan vise symptom på vald, overgrep eller omsorgssvikt, men det kan også være at teikna har ei heilt anna orsak. 

Bruk lista som eit utgangspunkt for å drøfte di uro med kollegaer, samarbeidspartar - og til å snakke med barnet sjølv. 

Psykiske teikn:

  • Barnet skvetter lett, er engsteleg
  • Konsentrasjonsproblem og uro
  • Irritabilitet og sinneutbrot
  • Klengete åtferd, eller heilt motsett: avviser kontakt og nærleik
  • Rusmiddelproblematikk
  • Sjølvskading
  • Hukommelsestap
  • Forseinka utvikling - eller tap av ferdigheiter barnet tidlegare har hatt (f.eks. at barnet startar å tisse på seg)

Fysiske teikn:

  • Blåmerker
  • Auge- og ansiktsskader
  • Brannskader
  • Stadig kroppslege plager, f.eks. hovudverk, mageverk
  • Skader med usannsynlege forklaringar eller historie som endrer seg

Vil du lese meir om vald i nære relasjonar kan du gå inn på nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS) sine sider. Dette er ein rettleiar for tilsette i helse- og omsorgstenesta, men er like relevant for andre vaksne som treffer barn i det daglege. 

Korleis bør eg snakke med barn?

På nettsida snakke med barn kan du trene deg på samtalar med born og ungdom om vold, seksuelle overgrep og andre sensetive tema. Her finn du informasjon om ulike tema, tips til korleis gå fram i samtalen og opplæringsmateriell.

Nyttige nettstadar

Her er ei oversikt over nokon nyttige nettstadar der du kan finne meir informasjon og gode råd. 

Det er kun ved mistanke om vald, overgrep eller alvorleg omsorgssvikt foreldra ikkje skal kontaktast. Ta direkte kontakt med barnevernstenesta (70058800 / 91576020) og/eller politi (02800).

Averjingsplikta er eit lovpålagt og individuelt ansvar for å hindre alvorlege vald- og seksuallovbrot. Dette gjeld både om ein jobbar med menneske og har teieplikt, eller er ein privatperson. Nettstaden plikt.no kan fungere som ein guide i situasjonar der du lurer på om du har plikt til å hindre vald eller overgrep.