I Herøy kommune skal det vere trygt og godt å vekse opp. Likevel kan det oppstå utfordringar og vanskar som gjer at ikkje alle har det så bra. Vi skal gjere vårt beste for å fange opp og hjelpe barn og unge som treng det. Derfor arbeider vi med BTS - Betre Tverrfagleg Samhandling i Herøy.
Kommunane må samordne tenestetilbodet på tvers av sektorar og tenesteområde. BTS-modellen skal hjelpe oss med å strukturere og konkretisere arbeidet som blir gjort.
Kva gjer du dersom du lurer på om eit barn eller ein ungdom treng hjelp? Nedanfor finn du lenker som kan vere til hjelp, enten det er som tilsett eller privatperson.
Kven er du?