Ho blir ny rektor ved Stokksund skule

Gry-Elisabeth Lillenes Kempton er tilsett som rektor ved Stokksund skule.

portrett av Gry-Elisabeth Lillenes Kempton - Klikk for stort bilete Svein Arne Orvik

Ho kjem frå stillinga som kontaktlærar ved Moltu skule.

– Eg har hatt stor glede av jobben på Moltu skule. Etter fem år som lærar, blir det spanande å vere rektor på Stokksund. Eg veit frå før at skulen har flinke tilsette, og saman skal vi skape gode forhold for læring, seier Kempton.

Ho har tidlegare vore rektor og assisterande rektor ved fleire skular i Herøy kommune. Før det arbeidde ho som lærar. Kempton starta i kommunen i 2003. Ho har også arbeidd som lærar i England.

– Eg bur i Tjørvåg saman med mannen min Steve og sonen vår Matthew. Vi har også ei jente, Sofie, som bur i Bergen.

– På fritida likar eg å reise, gå tur og sjå fotball, seier Kempton, som elles sit i kommunestyret i Herøy.

Artikkelliste