Om skulen

Om skulen

Skuleåret 2023-2024 har vi 33 elevar og 9 tilsette ved Leikanger skule og SFO. Skulen ligg saman med Leikanger grendahus og Leikanger barnehage.

Skulen har gymnastikksal og garderobar og på skuleområdet har vi flott kunstgrasbane, tribune , ballbinge og oppgradert leikeområde.

På Leikanger skule er det godt å vere. Elevar, tilsette og foreldre/føresette framsnakkar kvarandre. Vi snakkar fint om og til menneske, og vi let alt som er positivt få stor plass. Dette gjer vi fordi vi veit at det vi fokuserer på får vi meir av.

Vi vil at alle skal høyre til. Alle har behov for å finne sin plass i eit fellesskap. Når vi har vener og trivast på skulen, så lærer vi også. Jan Magnus Bruheim seier det slik i sitt dikt:

Å HØYRE TIL

Vondt er av alle andre
bli trakka på og trengd.
Men vondare å veta
at du er utestengd.

Det er så mangt i livet
du ventar deg og vil.
Men meir enn det å vera,
er det å høyre til.

Vi arbeider mykje med akkurat dette, å høyre til. For å få det til bruker vi eit verktøy som heiter Smart Oppvekst. Smart Oppvekst er ikkje eit program, men ein måte å tenkje på. Når vi tenkjer smart, har vi fokus på styrkar og vi trener på sosial kompetanse.

Opplæringslova §9a seier at alle elevar har rett til å ha eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring. Skulen har ansvar for dette. I Herøy kommune har vi rutinar for korleis vi arbeider når elevar opplever mobbing.

Sjå Utdanningsdirektoratet sine nettsider for meir informasjon til elevar og foreldre om skulemiljø.