Biblioteket treng opplysningar om namn, adresse, telefonnummer og e-postadresse for å kunne administrere utlån og formidle fjernlån av materiale til deg som brukar biblioteket.
Når du registrerer deg som lånar, gir du samtykke ved å skrive under på eit skjema. Opplysningar som vert gitt ved registrering vert ikkje brukt til andre føremål enn å administrere utlån/innlån og samle statistikk over bruken av biblioteket.
Denne statistikken er generell og ikkje knytt til enkeltpersonar.
Personnummeret treng vi for å unngå dobbelregistrering i det nasjonale låneregisteret, dette vert ikkje lagra lokalt. Du kan velje å berre vere lokal brukar, då treng du ikkje å gje opp personnummeret.
Biblioteket sine tilsette har teieplikt og gir ikkje ut informasjon om lånarar eller kva dei låner, til andre uvedkomande, verken til andre lånarar, tilsette, politi eller andre som utøver mynde. Vi kan heller ikkje få greie på kva ein lånar har lånt på andre bibliotek.
Innsyn:
Du som lånar kan sjølv logge deg på biblioteket sine heimesider og sjå kva opplysningar som er registrert. Du kan også spørje oss på biblioteket.
Utlånshistorikk:
Utlånshistorikken, kva du som lånar har lånt, kan ikkje takast vare på med mindre du har gitt samtykke spesielt om det.
Du kan til ein kvar tid trekke tilbake samtykke ved å kontakte biblioteket.
Personvernerklæring (PDF, 277 kB)