LånereglarFor utlån er det dette som gjeld: Det er gratis å låne. Alle som har fast adresse kan få lånekort. Ta med legitimasjon. Barn må vere over 6 år for å få lånekort. Meld frå om adresseendring eller tap av lånekort. Hugs å ta med lånekortet når du skal låne. Lånetida for bøker, tidsskrift, lydbøker og språkkurs er 4 veker. Lånetid for film er 2 veker. For å sikre sirkulasjon er det viktig å halde lånefristen, eller fornye lånet. Lån kan fornyast om ingen andre står på venteliste. Har du ikkje levert inn lånt materiell etter 3.purring, får du tilsendt erstatningskrav. Dersom materialet vert levert tilbake innan ei veke etter kravet, kan du sjå vekk frå det. Filmane er berre til privat bruk. Lånar kan ikkje vere under den tilrådde aldersgrensa for filmen. Materiell som er utlånt, kan reserverast. Materiell vi ikkje har, kan som regel lånast frå andre bibliotek. Tapt eller øydelagt materiell må erstattast. BIBLIOTEKET ER DER FOR Å HJELPE DEG! TA KONTAKT! SPØR OSS! VI TEK GJERNE EI UTFORDRING! Publisert av Wenche Moltu Sist endra 20.12.2021 18:33