Sommarles 2024

Sommarles 2024

Frå 1. juni kan alle 1. - 7. klassingar i Herøy kommune vere med på Noregs kulaste lesekampanje, saman med barn frå heile Noreg. 

Sommarles 2024 - Klikk for stort bilete snuti.no

 

 

 

 

 

Sommarles.no har vore ein stor suksess gjennom fleire år, og i fjor deltok over 166 000 barn. Målet med kampanjen er å motivere barna til å lese så mykje dei berre orkar i løpet av ein lang sommarferie.

 

Gjer merksam på at barn som skal begynne i første klasse til hausten og dei som går ut av 7. klasse no, kan også vere med på årets Sommarles.

 

Men sidan Herøy folkebibliotek for tida er stengt og alle bøkene våre ligg i kassar, kan ikkje barna låne noko hjå oss i sommarlesperioden, som varer frå 1. juni-31. august. Vi oppfordrar dei til å låne bøker hjå andre bibliotek om dei har høve til det, eller lese e-bøker/høyre lydbøker via appen BookBites. 

 

Når det gjeld premiar, har vi ein avtale med Ulstein bibliotek at barn frå Herøy kan hente premiar der i løpet av sommaren. Elles er det ingenting i vegen for å vente med å hente premiar hjå oss i Herøy på eit seinare tidspunkt. Når dette kan skje vil vi informere om så snart vi ser det er mogeleg.

 

Det er nasjonal kick-off 31. mai og håpar flest mogeleg av barna får høve til å sjå  den.Det gir inspirasjon til å vere med på kampanjen. Den er tilgjengeleg på https://altom.sommerles.no/ heile dagen.

  

Sommarles.no gjer det gøy å lese

  • Sommarles er ein digital lesekampanje på nettsida Sommarles.no Barna lagar seg ein profil, registrerer alt dei les i kampanjeperioden og får XP (poeng) for kvar side dei les.
  • Sommarles.no er for barn i 1. - 7. klasse og  varer frå 1. juni til 31. august.
  • Barna får tilgang til ei spesialskriven forteljing av forfattar Mari Moen Holsve.
  •  I tillegg til XP, kan barna også gjere seg fortente til digitale trofé og kule premiar som kan hentast på biblioteket! (Dette året kan barna hente premiar på Ulstein bibliotek og ved seinare høve på Herøy folkebibliotek)
  •  Sommarles.no er utvikla av Vestfold fylkesbibliotek og Snuti AS.

 

Kontaktperson på Herøy folkebibliotek

Benedicte Salmelid Hübenthal