Nytt bibliotek: Velkomen til opninga og medverknadsdagen

Nytt bibliotek: Velkomen til opninga og medverknadsdagen

Alle er velkomne når vi opnar det nye biblioteket laurdag 9. november. Stikk også innom 15. november og fortel oss kva du ønsker av aktivitetar på biblioteket.

to personar på eit bibliotek - Klikk for stort bileteFrå venstre: Kulturleiar Julianne Auberg Hauge og biblioteksjef Randi Tveit Solheim gler seg til å opne dørene til det nye biblioteket. Svein Arne Orvik

Offisiell opning: 9. november klokka 12.00 

 Vi inviterer alle innbyggarar til opninga laurdag 9. november klokka 12.00.

Ordføraren vil stå for den tradisjonelle snorklippinga. Det blir helsingar frå fleire viktige stemmer i lokalsamfunnet, inkludert den nye leiaren i ungdomsrådet, Henrik Myklebust, kulturleiaren, og leiaren i Fosnavåg handelsforeining. 

Kulturskulen vil også bidra med flotte musikalske innslag som vil sette stemninga for dagen.

På plassen utanfor biblioteket blir det ein ekstra attraksjon for barnefamiliane: Der blir det besøk av brannbamsen Bjørnis, brannbil og politibil – kanskje ambulanse òg.

Adressa til biblioteket er Rådhusgata 12, Fosnavåg. Slik er opningstidene:

  • måndag, tysdag og torsdag: 11.00–19.00
  • onsdag og fredag: 11.00–15.00
  • laurdag: 12.00–15.00

Medverknadsdag: 15. november klokka 11.00–15.00

Fredag 15. november legg ordføraren og fleire tilsette i kulturavdelinga og utviklingsavdelinga arbeidsdagen sin til biblioteket. 

Vi ønskjer å legge til rette for dialog med innbyggarane. Her har du høve til å påverke korleis biblioteket kan skape meir aktivitet i sentrum og bidra til trivsel i Herøy kommune.

Ta turen og gi oss innspel – dette er noko av det vi ønsker innspel om:

  • Korleis kan kommunen legge til rette for at biblioteket skaper meir aktivitet i sentrum?
  • Kva kan innbyggarane nytte biblioteket til for å skape meir aktivitet i sentrum?
  • Kva skal til for at fleire trivst og har det bra i Herøy kommune gjennom ulike kulturtilbod eller møteplassar?
  • Kva er aktuelle tema for offentleg samtale og debatt?

Vi ønsker alle varmt velkomne begge dagane!