Opningstider og billettar

Opningstider og billettar

Herøy kystmuseum har faste opningstider for omvising om sommaren. 
I tillegg til å besøke museet med kaféen, krambua, turistinformasjonen og pilegrimsmottaket, anbefalar vi ei vandring på øya med sin nydelege skjergard og vakre kystnatur. Eit ynda tur- og rekreasjonsmål!

Interiør frå storstova i hovudhuset - Klikk for stort bilete Cecilie Hatløy

Opningstider

Museet er ope kl. 12-15 - kvar helg 24. august - 29. september

Dersom du ynskjer å besøke museet utanom våre faste opningstider, ta kontakt med oss for avtale.

Billettar

Entré inkludert guida omvising på Herøy kystmuseum og den gamle kyrkjestaden kvar heile time frå kl. 11 til kl. 16. Guidane våre har kunnskap om løyndomar du ikkje vil finne på eiga hand og kjenner dei beste historiene frå menneska som har hatt sitt liv og virke på Herøya.  

Born: 0-5 år gratis
Born/ungdom: 6-17 år kr. 50,-
Student: kr. 90,- (ved framsyning av studentbevis)
Honnør: kr. 90,-
Vaksen kr. 100,-
Familie: 300,- (inntil fem personar og to vaksne)
Ledsager/Følgjar: kr. 0,- (ved framvising av ledsagerbevis/følgjekort)

Ta kontakt med oss dersom du ynskjer å besøke museet med ei gruppe. Vi kan tilby spesialtilpassa omvisingar på museet og turar med sunnmørsjekta “Anna Olava”. 
Eigne prisar for samarbeidspartar, skuleklasser, barnehagar m.v.

All organisert bruk av kystmuseet og hagen rundt, inkludert omvising, piknik for grupper, vielsar m.m. må avtalast med administrasjonen på Herøy kystmuseum.