Om oss

Om oss

Herøy kystmuseum ligg på ei lita øy i Herøy kommune og staden har hatt ein sentral plass i regionen i meir enn 1000 år. Muséet syner den gamle handelsstaden frå 1700-1800-talet, med autentiske bygningar, interiør frå ulike tidsepokar, fiskereiskapar og båtar. Ein rekonstruksjon av Sunnmørsjekta «Anna Olava» kompletterer den idylliske handelsstaden og har heimehamn på museet.

Herøya sett frå lufta. - Klikk for stort bilete Svein Arne Orvik

Herøya ligg i Flåværleia, farleia som til alle tider har bore dei sjøfarande til ei trygg hamn i sjølve leia eller vidare til andre mål. Øya var frå gamalt av den fyrste viktige hamna nord for Stad og hadde ein sentral posisjon lokalt og regionalt. Her var kyrkjestad og gildestove i mellomalderen, tingstad og prestegard, samt handelsstad frå 1770 til 1916.

I dag husar øya kystmuseet, kyrkjestaden, tur- og naturområde og Herøy Amfi.
Besøkande kan ta seg til øya med båt og bil.