Mat, drikke og butikk

Mat, drikke og butikk

Herøy kystmuseum byr på nysteikte vaflar, fersk kaffi og te på tunet framfor hovudhuset, eller innandørs om veret er dårleg. I krambua kan du handle drops, handverk frå lokale kunstnarar og bøker i gåve til deg sjølv - eller nokon du er glad i!

Drops og gåver i krambua på kystmuseet - Klikk for stort bilete Eileen Gjerde

Mat og drikke
Hos oss får du alltid nysteikte vaflar med godt tilbehør og fersk kaffi. Vi har glutenfrie alternativ, og sel også is og brus. Varme rettar vert selt ved særskilte arrangement. Ta gjerne turen sjølv om det regnar, då inviterer vi inn i spisestova og gamlekjøkenet, der du kan nyte maten i dei stemningsfulle roma på den gamle handelsstaden!

Gåver, bøker og pilegrimseffektar
Krambua (butikken) finn du i sjøbua, og her kan du handle gåver til deg sjølv og andre i stemningsfulle omgjevnader. Her finn du også samlingar av eldre varer og utstyr slik krambua såg ut i handelsmennene si tid!

Ta kontakt med oss på e-post eller telefon om du ynskjer at vi sender deg varer pr. post.

Turistinformasjon
Treng du tips til andre opplevingar, overnatting eller gode spisestader? I krambua kan du få hjelp av våre flinke vertar til å finne fram til dei rette opplevingane både lokalt og regionalt.