Verdiseglas 2024 med ungdomar frå Herøy og Giske

Laurdag 8. juli kom Verdiseglas 2024 til Møre og Romsdal, og sunnmørsjekta “Anna Olava” fekk æra av å frakte Olavsflammen og verdikista frå Herøy til Giske!

Ungdomar frå Herøy og Giske deltok på verdisamtale på Giske - Klikk for stort bilete Britt Giske Andersen

 

Verdikista og Olavsflammen frå Selja til Herøy

Verdikista med brev frå ungdommar langs kysten kom til Herøy same morgon, og vart overlevert av prost i Søre Sunnmøre prosti Ingeborg Matre, som hadde den høgtidelege oppgåva med å overlevere den frå Selja og Seljumannamesse til Hans Lennart Sævik, Solfrid Leinebø Seljås og Kurt Dalstrøm i nøkkelstadgruppa for Herøy.

Representantar frå nøkkelstaden Herøy tok i mot verdikista på Herøy - Klikk for stort bilete Birgitte Sævik Pedersen

Verdisamtale og kulturfest på Giske

Medan jekta segla med pilegrimar frå Herøy til Giske, hadde ungdommar frå begge kommunane verdisamtale i gildehallen til Giskespelet saman med dagleg leiar for Smøla kystpilegrimssenter Ragnhild Godal. Ungdomane var frå 13-30 år, og var kjempeflotte representantar for dei to kommunane våre!

Ungdomar på verdisamtale på Giske - Klikk for stort bilete Britt Giske Andersen

Ved ankomst Giske vart jekta med pilegrimar og mannskap helsa velkomen på kaia av Arne Tunheim og Giske mannskor, og ungdommane som deltok på verdisamatalen. Fylgjet gjekk i prosesjon frå kaia ved Giske kyrkje til spelplassen for Giskespelet der arrangementet føregjekk. 

Sunnmørsjekta til kai på Giske - Klikk for stort bilete Eileen Gjerde

Det nye verdibrevet frå samtalen på Giske vart presentert av Sæmund Helde på vegne av ungdomane, og høgtideleg lagt i kista, slik det har vore gjort med alle breva som har blitt laga langs Kystpilegrimsleia denne sommaren. 

Ungdomar frå Herøy og Giske på spelplassen i Giske amfi - Klikk for stort bilete Britt Giske Andersen

På spelplassen fekk gjestene ta del i eit fantastisk kulturprogram i regi av nøkkelstadane Herøy og Giske. Elena Grøtte Giske spelte eit utdrag av Eir si rolle i Giskespelet, Sæmund Helde og Giske mannskor bidrog med song, og Giskespelet serverte sveler og heimelaga hylleblomstsaft med meir.

Ungdommar og pilegrimar på Giske amfi - Klikk for stort bilete Eileen Gjerde

 

Verdikista og Olavsflammen til Trondheim

Den 27. juli kom verdikista til Trondheim, og vart teken i mot av representant for stortingspresidenten Gunnar Bovim og preses i Den Norske kyrkja Olav Fykse på kaia i Ravnkloa. Til stades var også biskopane frå dei fire bispedøma langs kystpilegrimsleia, fylkesordførar i Trøndelag og ordførar i Trondheim.

Olav Fykse og Gunnar Bovim på kaia i Ravnkloa i Trondheim - Klikk for stort bilete Pilegrimsleden

I høve Olavsfest og på sjølvaste olsokdagen den 29. juli fekk tre av ungdomane dele sine tankar om framtida, og fortelje frå verdisamtalane langs kysten. Dei vart intervjua direkte på P2 Kompass, og frå Herøy og Giske deltok Sæmund Helde. Klikk på lenken for å høyre meir frå samtalen “Unge på seglas for framtida”.

Ungdomar frå kysten i samtale med programleiar i P2 Pål PLassenf ramfor Vestfronten av Nidarosdomen - Klikk for stort bilete Gunn Mogseth Skrove


Arrangør: Nøkkelstagruppa for Herøy i samarbeid med nøkkelstaden Giske, regionalt pilegrimssenter på Smøla og Søre Sunnmøre prosti.

Artikkelliste