Ta vaksine på kulturhuset – mot influensa og korona Sjå datoane og sjekk om du er anbefalt å ta vaksine. I år set vi vaksinane på Herøy kulturhus. Sanitetsforeininga byr på kaffi og kaker. Svein Arne Orvik Vi tilbyr to vaksinar på kulturhuset. Du kan ta ein eller to vaksinar samtidig:mot influensasjukdom – pris: 250 kronermot koronasjukdom (ny og oppdatert) – gratisVaksine mot lungebetennelse får du ved å kontakte fastlegen din. Desse dagane kan du ta vaksine på kulturhuset:tysdag 22. oktober klokka 11.00–17.00torsdag 24. oktober klokka 11.00–17.00fredag 1. november klokka 11.00–17.00Du kan ikkje bestille time – berre kom innom. Betal med Vipps eller setlar. Adressa til kulturhuset er Lisjebøvegen 10 A. Der er godt med parkeringsplassar. Velkomen!Viss du er sjuk den dagen du har planlagt å møte, blir du oppmoda om å kome ein annan dag.Kan du ikkje møte på nokon av datoane? Kontakt i så fall fastlegen din og avtal ein time.Vi gir ikkje vaksine på Sanitetshuset i år, berre på kulturhuset.Sjå om du er anbefalt å ta vaksinaneAnbefalingane er som i fjor:Er du 65 år eller eldre? Då er du anbefalt å ta vaksinane mot influensa- og koronasjukdom uansett. Og du bør ta vaksinen mot lungebetennelse (pneumokokkar) viss det er meir enn fem år sidan du tok den sist.Er du yngre enn 65 år? Då er du anbefalt å ta vaksinane dersom du er i ei risikogruppe. Klikk på lenkene nedanfor og sjå om du høyrer til ei risikogruppe.Spør legen din dersom du er i tvil om kva som gjeld for deg.InfluensasjukdomSjekk om du er i risikogruppa som er anbefalt å ta influensavaksine.KoronasjukdomSjekk om du er i risikogruppa som er anbefalt å ta koronavaksine.LungebetennelseSjekk om du er i risikogruppa som er anbefalt å ta vaksine mot lungebetennelse. Publisert av Svein Arne Orvik Publisert 03.10.2024 10:04 Sist endra 24.10.2024 15:03